Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 67 · 2026-2027

Korleis kan NAV sentralt tolke dette som om vedkommande ikkje har moglegheit til å bestille oppgradert lyspakke for eiga rekning, og kva klage mogelegheit har vedkommande?

Ove Trellevik (H) stilte spørsmålet til arbeids- og inkluderingsministeren, Kjersti Stenseng, 6. oktober 2026. Svaret kom 13. oktober 2026.

Til
Arbeids- og inkluderingsministeren · Kjersti Stenseng
Datert
6. oktober 2026
Besvart
13. oktober 2026

Spørsmål

Korleis kan NAV sentralt tolke dette som om vedkommande ikkje har moglegheit til å bestille oppgradert lyspakke for eiga rekning, og kva klage mogelegheit har vedkommande?

Begrunnelse

Ein innbyggar vart innvilga støtte til ny Trygdefinasiert bil, dette var i mai 2024. Bilkontoret Vest hadde mange saker, så innkalling til møte for å bestemme innkjøp tok heile 15 mnd (oktober 2025). Vedkommande fekk da informasjon om han ikkje kunne forventa komme inn under gjeldande regelverk, men etter det nye regelverket frå 1.november 2025.Vedkommande slo seg til ro med at det ikkje er eit menneske krav å kunne få velgje farge, motor og ekstra pynteting for eigen rekning. Han fekk endeleg vedtak desember 2025. Standard pakken NAV hadde valt, var ein godt utrusta bil han kunne leva med, men med Halogen lys. Det einaste han kunne velge/kjøpe for eiga rekning, var firehjulstrekk. Han har legeerklæring der det er anbefalt med betre lys en Halogenlys. Bilbestillinga blei satt på vent grunna Stortingsvedtak:
Prop. 1 S (2024-2025) Under punkt 6.8.4 i proppen står det blant annet følgande:
«Nokre brukarar vil truleg uansett ikkje kunne få behova sine dekte fullt ut ved ombygging av ein førehandsbestilt bil. I desse tilfella vil Arbeids- og velferdsetaten framleis måtte bestille bilane etter at det er gjort vedtak om stønad. Dette vil også kunne vere aktuelt for brukarar som av andre grunnar ikkje ønsker ein førehandsbestilt bil, men vil bestille ein bil med spesielle oppgraderingar.»

Svar

Arbeids- og inkluderingsministeren Kjersti Stenseng, 13. oktober 2026

Eg har vore i kontakt med Arbeids- og velferdsdirektoratet, som seier at flesteparten av dei som får spesialtilpassa kassebil, får ein bil som er bestilt til Noreg allereie før vedtaket deira er fatta. Slike førehandsbestilte bilar med standardutstyr skal dekkje behova til dei fleste som har rett til spesialtilpassa kassebil, og gi kortare leveringstid som kjem brukaren til gode. Ordninga inneber avgrensa høve til individuelle tilval. At stønadsmottakaren vil betale sjølv, gir ikkje rett til særskild fabrikkbestilling med anna utstyr. Slike bestillingar vil kunne svekkje formålet med ordninga med førehandsbestilling av bilar, som blei innført for å unngå lange leveringstider og ulemper for brukarane.
Arbeids- og velferdsetaten må likevel vurdere konkret om standardbilen er nødvendig og formålstenleg for den enkelte. Medisinske behov eller andre forhold som har betydning for trygg bruk av bilen, kan gi grunnlag for å dekkje betre lys og om nødvendig bestille bilen særskilt.
Dei som får avslag kan kontakte bilsenteret og be om ei ny vurdering. Vedtaket kan klagast på innan seks veker etter at vedkomande fekk melding om det. Dersom fristen er ute, kan Nav likevel ta klaga til behandling dersom ho blir sett fram innan eit år etter at vedtaket blei fatta, og det ligg føre særlege grunner, jf. forvaltningslova § 31. Vedkomande kan også be om omgjering etter forvaltningslova § 35. Omgjering til gunst krev ikkje nødvendigvis at vedtaket er ugyldig, og det er ingen generell frist etter denne føresegna for å be om omgjering.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ove Trellevik →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.