Skriftlig spørsmål nr. 3928 · 2025-2026
Meiner statsråden det er i tråd med statens forventningar til Statkraft at Los Lagos kraftverk i Chile blir sett i drift før Noregs kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv har avslutta klagesaka frå …
Geir Jørgensen (R) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 25. september 2026. Svaret kom 5. oktober 2026.
- Fra
- Geir Jørgensen (R)
- Til
- Næringsministeren · Cecilie Myrseth
- Datert
- 25. september 2026
- Besvart
- 5. oktober 2026
Spørsmål
Meiner statsråden det er i tråd med statens forventningar til Statkraft at Los Lagos kraftverk i Chile blir sett i drift før Noregs kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv har avslutta klagesaka frå mapuche williche, og vil statsråden be Statkraft vente med kommersiell drift til kontaktpunktet har gitt si sluttfråsegn?
Begrunnelse
Statkraft eig kraftverka Rucatayo og Los Lagos i Pilmaiquénelva i det sørlege Chile. Elva og seremonistaden Ngen Mapu Kintuantü er heilage for mapuche williche. I 2023 trekte Statkraft seg frå Osorno, eit tredje prosjekt i same elv. Grunngjevinga var at kraftverket ville råke seremonistaden. Selskapet kjenner altså verdien av staden.
I september 2023 klaga lokalsamfunn i Pilmaiquén Statkraft inn for Noregs kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv. Klagen gjeld mellom anna manglande samtykke, og at selskapet skal ha gjort avtalar med utvalde grupper og halde andre utanfor. Kontaktpunktet tok saka delvis opp i september 2024, mellom anna spørsmålet om korleis Statkraft har involvert dei råka. Meklinga vart utsett i august 2025, etter ei drukningsulukke i elva. I oktober 2025 åtvara kontaktpunkta i Noreg og Chile mot represaliar. Saka er framleis open.
Høgsterett i Chile har påbode styresmaktene å konsultere urfolk om arkeologiske funn i prosjektområdet. Bygginga av Los Lagos heldt fram medan konsultasjonen gjekk.
I sommar klaga lokalsamfunna òg Statkraft inn for Forbrukertilsynet etter åpenhetslova. Samstundes fylte Statkraft magasinet. Fyllinga starta i juli og var ferdig i august. Statkraft har sagt til NRK at det aldri var aktuelt å stanse. Kommersiell drift er venta i 2027.
OECD sine retningslinjer seier at alvorlege verknader skal prioriterast, og at det skal leggjast vekt på om skaden kan rettast opp. Eit kraftverk i drift skaper eit fullbyrda faktum før kontaktpunktet har sagt sitt.
Noreg har røynsle med å byggje først og få avklaring etterpå. På Fosen var vindkraftverka i drift då Høgsterett i 2021 slo fast at løyva var ugyldige, fordi dei kranka retten reindriftssamane har til å utøve kulturen sin. Statkraft er største eigar i Fosen Vind. Semja om Storheia kom først i desember 2023.
Staten er eineeigar av Statkraft. Statsråden har sjølv skrive til Stortinget at staten forventar at selskapa respekterer menneskerettane og følgjer OECD sine retningslinjer. Kontaktpunktet kan ikkje stanse eit prosjekt. Det kan berre eigaren be om. Spørsmålet er om forventningane gjeld også når ei klage mot selskapet ikkje er ferdig handsama.
Svar
Næringsministeren Cecilie Myrseth, 5. oktober 2026
Utbygging av vasskraft kan innebere krevjande avvegingar og ha konsekvensar for dei som bur i området, og eg har forståing for at Los Lagos-prosjektet vekkjer uro for nokre av dei som er påvirka av prosjektet.
Staten sin eigarskap i Statkraft blir forvalta innanfor rammene av selskapslovgjevinga og eigarskapsmeldinga, jf. Meld. St. 6 (2022–2023). Det inneber mellom anna at styret er ansvarleg for å forvalte selskapet, medan den daglege leiinga står for den daglege drifta. Det er styret og leiinga i selskapet som må gjere dei operative vurderingane og ta avgjerder om når Los Lagos kan setjast i kommersiell drift.
Som eigar forventar staten at selskap med statleg eigardel følgjer internasjonalt anerkjende retningslinjer, mellom anna OECD sine retningslinjer for fleirnasjonale selskap om ansvarleg næringsliv, FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP) og prinsippa i ILO sine kjernekonvensjonar.
Staten forventar vidare at selskapa gjennomfører varsemdvurderingar i tråd med anerkjende metodar. Det inneber mellom anna å kartleggje, førebyggje og avgrense, og å gjere greie for korleis selskapet handterer faktisk og potensiell negativ påverknad eller skade frå verksemda på menneske, samfunn og miljø. Dette føreset ein meiningsfull dialog med interessentar, mellom anna urfolk.
Statens forventningar blir følgde opp i eigardialogen. Med utgangspunkt i desse forventningane har staten òg dialog med selskapet om enkeltsaker som høyrer inn under ansvaret til styret og leiinga, slik som verksemda i Pilmaiquén.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Jørgensen →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.