Skriftlig spørsmål nr. 3531 · 2025-2026
Kor mykje aukar staten sine samla inntekter når straumprisen aukar med 10 øre?
Geir Pollestad (Sp) stilte spørsmålet til energiministeren, Terje Aasland, 19. august 2026. Det ble besvart av finansministeren Jens Stoltenberg. Svaret kom 25. august 2026.
- Fra
- Geir Pollestad (Sp)
- Til
- Energiministeren · Terje Aasland
- Besvart av
- Finansministeren · Jens Stoltenberg
- Datert
- 19. august 2026
- Besvart
- 25. august 2026
Spørsmål
Kor mykje aukar staten sine samla inntekter når straumprisen aukar med 10 øre?
Begrunnelse
Det er ynskjeleg at alle aukte inntekter både direkte og indirekte vert rekna med. Det gjeld til dømes direkte avgifter, grunnrenteskatt, inntekter frå eigarskap og andre inntekter.
Svar
Finansministeren Jens Stoltenberg, 25. august 2026
Høgare kraftprisar gjev auka inntekter til det offentlege gjennom skatt og utbyte. For staten gjeld dette først og fremst grunnrenteskatt på vasskraft og utbyteinntekter frå Statkraft. Inntektene frå grunnrenteskatten på vasskraft varierer i stor grad med kraftprisane. Grunnrenteskatten er difor godt eigna til å hente inn ekstraordinære inntekter hos kraftprodusentane. Det er førebels ikkje venta inntekter frå grunnrenteskatten på landbasert vindkraft (innført frå 2024), noko som må sjåast i lys av dei romslege overgangsordningane for eksisterande vindkraftanlegg. Dette ville ikkje ha endra seg med ein auke i kraftprisane på 10 øre/kWh.
Alt anna likt vil ein høgare kraftpris gje auka inntekter frå grunnrenteskatt på vasskraft og utbyteinntekter frå Statkraft. Det er likevel fleire faktorar som påverkar desse inntektene, ikkje berre kraftprisen. Staten eig gjennom Statkraft om lag 30–35 pst. av produksjonskapasiteten i Noreg. Statkraft har i tillegg eigardelar i fleire kraftselskap. Det er ikkje mogleg å anslå korleis ein auke i kraftprisen vil påverke utbytet frå Statkraft. For grunnrenteskatten vil verknadstalet avhenge av skattegrunnlaget. Basert på anslaget for grunnrenteskatt til RNB 2026 kan ein grovt sett anslå at ein auke i kraftprisane på 10 øre/kWh, der alle andre føresetnader er haldne uendra, kan isolert sett auke provenyet frå grunnrenteskatten på vasskraft med rundt 3,9 mrd. kroner. Det er då lagt til grunn at auken på 10 øre/kWh gjeld alle prisområde, og at påslaget er jamt gjennom heile året. I budsjettet for 2027 vil departementet leggje fram oppdaterte anslag på grunnrenteskatt og utbyte. Eg viser elles til svar på spørsmål 94 frå finanskomiteen/Framstegspartiet sin fraksjon i samband med RNB 2026.
Høge kraftprisar kan òg påverke andre statlege inntekter. Auka overskot hos kraftselskapa inneber høgare selskapsskatt frå desse selskapa. Samstundes vil staten truleg få lågare selskapsskatt frå andre næringar som følgje av høge straumutgifter, og frå selskap som taper omsetnad fordi høge kraftprisar fører til lågare forbruk av andre varer og tenester. Elavgifta er kvantumsbasert og blir ikkje påverka direkte av prisar. Dersom høgare kraftprisar fører til lågare straumforbruk, vil inntektene frå avgifta gå ned. Så lenge den samla omsetnaden av varer og tenester ikkje blir påverka av kraftprisane, vil auka meirverdiavgiftsinntekter frå straumforbruk i hovudsak bli motsvara av lågare meirverdiavgiftsinntekter frå andre varer og tenester.
Høge straumprisar vil òg føre til at utgiftene til staten aukar, både gjennom støtteordningar som straumstønad og Noregspris, og gjennom dei eigne straumutgiftene til offentleg sektor. Vidare vil ein høgare kraftpris påverke KPI, som igjen vil trekkje opp utgiftene til mellom anna folketrygda.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Geir Pollestad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.