Skriftlig spørsmål nr. 3399 · 2025-2026
Statsforvaltaren i Vestland krev no omfattande avfallsplanar for private industrikaiar som berre blir nytta av eigarverksemda sjølv, utan gjesteanløp eller ordinær hamnedrift. For Ølve Industribase …
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Bjørnar Skjæran, 2. august 2026. Det ble besvart av klima- og miljøministeren Andreas Bjelland Eriksen. Svaret kom 7. august 2026.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Bjørnar Skjæran
- Besvart av
- Klima- og miljøministeren · Andreas Bjelland Eriksen
- Datert
- 2. august 2026
- Besvart
- 7. august 2026
Spørsmål
Statsforvaltaren i Vestland krev no omfattande avfallsplanar for private industrikaiar som berre blir nytta av eigarverksemda sjølv, utan gjesteanløp eller ordinær hamnedrift. For Ølve Industribase AS i Kvinnherad har manglar ved ein slik avfallsplan ført til varsel om tvangsmulkt på 20 000 kroner.
Meiner statsråden at dagens regelverk er tilpassa slike små og interne industrikaiar, og vil statsråden ta initiativ til å forenkle regelverket slik at verksemder ikkje blir pålagt unødvendig byråkrati utan dokumenterbar miljøgevinst?
Begrunnelse
Ølve Industribase AS i Kvinnherad eig ein privat industrihamn som i hovudsak tener eiga verksemd og eigne fartøy innan oppdrettsnæringa. Hamna har ikkje gjesteplassar, har berre interne brukarar innan same konsern og handterer avfall gjennom etablerte renovasjonsordningar.
Statsforvaltaren i Vestland har likevel kravd omfattande avfallsplan etter forureiningsforskrifta kapittel 20. Ein tidlegare innsend plan vart ikkje godkjend, og verksemda fekk varsel om tvangsmulkt på 20 000 kroner dersom revidert plan ikkje vert godkjend innan fristen.
Ifølgje verksemda byggjer krava på ny rettleiing frå Miljødirektoratet, og dette har medført ei rekkje nye dokumentasjonskrav samanlikna med det som tidlegare har vore akseptert. Verksemda meiner planen har liten praktisk nytteverdi når hamna berre har interne brukarar og alt avfall allereie vert handtert gjennom eksisterande system. I tillegg peikar dei på at konsernet eig fleire titals liknande kaianlegg som potensielt kan bli omfatta av tilsvarande krav.
Saka reiser spørsmål om forholdet mellom miljøgevinst og byråkratisk belastning for næringslivet, og om regelverket i tilstrekkeleg grad skil mellom store kommersielle hamner og private industrikaiar med avgrensa og intern bruk.
Svar
Klima- og miljøministeren Andreas Bjelland Eriksen, 7. august 2026
Kravene til mottak og håndtering av avfall fra skip i havner fremgår av forurensningsforskriften kapittel 20, som gjennomfører EUs direktiv om mottaksanlegg i havner for levering av avfall fra skip i tråd med Norges EØS-rettslige forpliktelser.
Kravet om avfallsplan gjelder som utgangspunkt alle havner som anløpes av skip, også private industrikaier som benyttes av skip fra egen virksomhet. Avfallsplanen skal utarbeides i samsvar med størrelsen på havnen og typen skip som anløper den. Kravene til omfanget av vurderinger og beskrivelser i avfallsplanen vil dermed variere, og være tilpasset den enkelte havns aktivitet og behov for mottaksordninger. I tillegg kan havner på visse vilkår utarbeide avfallsplaner i felleskap, noe som er ment å begrense den administrative byrden. Det pågår også arbeid med å vurdere om det på enkelte områder kan være grunnlag for justeringer og forenklinger innenfor det handlingsrommet direktivet gir.
Den konkrete saken representant Njåstad viser til ligger til Statsforvalterens myndighetsområde. Jeg er opplyst om at den relevante havnen har fått sin avfallsplan godkjent 19. juni 2026.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.