Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3271 · 2025-2026

Kvifor vel statsråden å gjennomføra eit nytt nedtrekk i PO3 med eit trafikklyssystem regjeringa sjølv meiner ikkje fungerer godt nok før Stortinget sitt krav om betre kunnskapsgrunnlag er følgt opp …

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 25. juni 2026. Svaret kom 3. juli 2026.

Til
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
25. juni 2026
Besvart
3. juli 2026

Spørsmål

Kvifor vel statsråden å gjennomføra eit nytt nedtrekk i PO3 med eit trafikklyssystem regjeringa sjølv meiner ikkje fungerer godt nok før Stortinget sitt krav om betre kunnskapsgrunnlag er følgt opp og før nytt reguleringssystem er på plass, og vil statsråden ta initiativ til å utsetja nedtrekket i PO3 til nytt kunnskapsgrunnlag og nytt reguleringssystem er klart?

Begrunnelse

Regjeringa har sett produksjonsområde 3, frå Karmøy til Øygarden, i raudt. Det gir nytt nedtrekk i ein region som allereie har teke store kutt.
Dette er eit politisk val med store konsekvensar. Mindre fisk i sjøen gir mindre råstoff til slakteri, pakkeri og foredling. Lokale leverandørar, transportørar, servicebedrifter og heilårsarbeidsplassar langs kysten blir råka.
Stortinget har bede om eit breiare kunnskapsgrunnlag om kva som påverkar villaksen, kor mykje lakselusa betyr samanlikna med andre faktorar, og kva tiltak som faktisk verkar. Samstundes har regjeringa varsla at dagens trafikklyssystem skal endrast.
Då framstår det lite føreseieleg å bruka det same systemet til nye nedtrekk før betre kunnskap og nytt regelverk er på plass.

Svar

Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 3. juli 2026

I Innst. 525 S (2024–2025) har Stortinget vore tydeleg på at trafikklyssystemet skal bestå fram til ei ny regulering er på plass. Produksjonsområde 3 vart vurdert til høg påvirkning i både 2024 og i 2025. Det følger av handlingsregelen i trafikklyssystemet at området skal fargeleggast raudt, og at området får ein reduksjon i produksjonskapasitet, jf. tabell 8.3 i Meld. St. 16 (2014-2015). Eg meiner at kunnskapsgrunnlaget som er forbetra sidan Stortinget handsama Meld. St. 16 (2014-2015) og trafikklyssystemet vart tatt i bruk i 2017, er godt nok til å forsvare ein slik avgjerd.
Eg er klar over at eit nedtrekk har samfunnsmessige uønskte konsekvensar. Samstundes må dette vegast opp mot at miljøsituasjonen for villaksen er vurdert til uakseptabel. Difor meiner eg eit nytt nedrekk er rett. Aktørane har samstundes stor fleksibilitet i drifta si.
Fiskeridirektoratet sine tal viser at uttaket av fisk i PO3 faktisk har auka i perioden 2018-2025, til tross for tidlegare nedtrekk, som følgje av mellom anna felles biomassetak.
Det er mi vurdering at ein reduksjon i produksjonskapasiteten vil kunne gi ein positiv miljøeffekt i produksjonsområdet på sikt, og at det ikkje er andre og mindre inngripande tiltak som kan gjennomføres på kort og mellomlang sikt, og som vil vere like effektive.
Eg prioriterer no å følgje opp Havbruksmeldinga og Stortingets vedtak. Ein viktig del av det arbeidet er å lage reguleringar som forsterkar koplinga mellom dei vala den einskilde aktør tek i si drift og moglegheita for auka verdiskaping.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.