Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3251 · 2025-2026

Nærings- og Fiskeridepartementet har snart brukt to år på å vurdere ei sak om Aker Biomarine sitt sal av aksjar der det blir stilt spørsmål om eit utanlandsk selskap er gitt kontroll over norske krillkonsesjonar og fartøy. Kva er årsaken til at dette har tatt lang tid og når kan det ventast svar?

Harry Valderhaug (KrF) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 24. juni 2026. Svaret kom 30. juni 2026.

Til
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
24. juni 2026
Besvart
30. juni 2026

Spørsmål

Nærings- og Fiskeridepartementet har snart brukt to år på å vurdere ei sak om Aker Biomarine sitt sal av aksjar der det blir stilt spørsmål om eit utanlandsk selskap er gitt kontroll over norske krillkonsesjonar og fartøy.
Kva er årsaken til at dette har tatt lang tid og når kan det ventast svar?

Begrunnelse

Fiskeridirektoratet godkjende i juli 2024 eit sal av aksjar frå Aker Biomarine til Aker Qrill. Denne saka har vore ein del omtalt og stilt spørsmål ved , både til departement og i medieomtale.
Nokre hevdar at avtalene som er gjort i samband med det omtalte salet, har gitt utanlandsk selskap reell kontroll over eit norsk selskap som eig båtar og opererer med norske konsesjonar for fangst av krill.
Sidan det blir stilt spørsmål om avtalene som er gjort i samband med salet mellom anna kan vere i brot med Deltakarlova , bør dette avklarast snarast råd.

Svar

Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 30. juni 2026

Den aktuelle saka som departementet for tida har til vurdering, gjeld eigarendringar i selskapet Aker Biomarine Antarctic AS, seinare Aker Qrill Company AS. Eigarendringane vart godkjende av Fiskeridirektoratet i vedtak 3. juli 2024. Dette vedtaket er endeleg, og eigarendringane er gjennomførte i tråd med vedtaket.

Departementet valde deretter på eige initiativ hausten 2024 å sjå nærare på Fiskeridirektoratet sitt godkjenningsvedtak, sjølv om vedtaket allereie den gongen var endeleg. Ein del av bakgrunnen for departementet si avgjerd var den relativt store merksemda som saka etter kvart fekk.

Departementet si saksbehandling har teke tid, og ho har på ordinært vis skjedd i dialog med parten i saka, Aker Biomarine Antarctic AS. Så lenge saka er i prosess, kan eg ikkje kommentere innhaldet i saka.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Harry Valderhaug →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.