Skriftlig spørsmål nr. 3192 · 2025-2026
Har det blitt gjennomført ei eiga utgreiing som oppfølging av vedtak nr. 448 (2023–2024), og vil statsråden leggje denne utgreiinga fram for Stortinget, eller iverksetje ei slik utgreiing dersom ho ikkje er gjennomført?
Remi Sølvberg (R) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 18. juni 2026. Svaret kom 26. juni 2026.
- Fra
- Remi Sølvberg (R)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 18. juni 2026
- Besvart
- 26. juni 2026
Spørsmål
Har det blitt gjennomført ei eiga utgreiing som oppfølging av vedtak nr. 448 (2023–2024), og vil statsråden leggje denne utgreiinga fram for Stortinget, eller iverksetje ei slik utgreiing dersom ho ikkje er gjennomført?
Begrunnelse
Stortinget fatta 9. januar 2024 vedtak nr. 448, jf. Dokument 8:28 S (2023–2024) og Innst. 166 S (2023–2024), der regjeringa vart beden om å sørgje for at Jernbanedirektoratet straks sette i gang ei utgreiing av konsekvensane for driftsstabilitet og beredskap dersom tungt vedlikehald av togmateriell ikkje lenger er lokalisert i Noreg. Samferdselsdepartementet følgde dette opp ved å gje Jernbanedirektoratet oppdrag 10-2024, «Beredskapsforhold knyttet til vedlikehold av togmateriell».
I Meld. St. 4 (2025–2026) reknar departementet vedtaket som følgt opp, og refererer konkrete konklusjonar frå denne utgreiinga – mellom anna at tungt vedlikehald i hovudsak skjer på eigna verkstader utan vesentlege konsekvensar for akutt beredskap, at driftsstabiliteten er lite sårbar om komponentvedlikehaldet skjer i utlandet, men at det blir vurdert som viktig for beredskapen at Noreg også i framtida har verkstader med kompetanse på hjulvedlikehald og ut- og innmontering av komponentar.
Underteikna har likevel ikkje kunna finne at sjølve utgreiinga frå oppdrag 10-2024 er publisert som eit eige dokument i Jernbanedirektoratet sitt dokumentarkiv eller på direktoratet sine oversiktssider for utgreiingar og rapportar. Den frittståande rapporten som er offentleg tilgjengeleg på dette området, «Jernbanens rolle i nasjonal beredskap» (Jernbanedirektoratet, desember 2024), har eit anna mandat – jernbanens rolle i totalforsvaret – og slår sjølv fast at han ikkje går inn på verkstadkapasitet og geografisk lokalisering, ettersom dette blir dekt i eit eige oppdrag (jf. rapporten kapittel 5.5.6). I rapporten sitt vedleggskapittel 9.1, «Tidligere og pågående utredninger» (Tabell 1), er nettopp oppdrag 10-2024 ført opp som ei eiga utgreiing av konsekvensane for driftsstabilitet og beredskap dersom tungt vedlikehald ikkje lenger er lokalisert i Noreg, skild frå totalforsvars-rapporten. Den offentleg tilgjengelege rapporten svarar dermed ikkje på det vedtak nr. 448 etterspør.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 26. juni 2026
Ja, eg har fått greia ut i fleire omgangar kva som må gjerast for å sikre beredskapen på jernbanen. Mellom anna ved oppdrag 10 for 2024 til Jernbanedirektoratet, som var mynta på problemstillingane vedtak nr. 448 (2023-2024) trakk fram. Direktoratets rapport som dokumenterer arbeide med oppdrag 10 frå 2024 er ikkje unnateke offentlegheit.
Utgreiinga framheva mellom anna tilgang på innsatsfaktorar for vedlikehald av togmateriell inklusive verkstader som viktig for evna til å oppretthalde transport på jernbane. Eg har fått utarbeida kartleggingar av verkstadkapasiteten og -kapabiliteten i Noreg, og Bane NOR har etablert ei plan for å vurdere og dekke behova over tid. Staten skal kjøpe innsatsfaktorar for å halde gamle togtypar i trafikk fram til nye tog kjem på plass.
Regjeringa tek aktivt tak i beredskapen i transportsektoren. Eg har nyleg motteke ein beredskapsanalyse frå Jernbanedirektoratet. Eg vil fortsette å følgje opp dei behova vi identifiserer i styringa av sektoren inklusive i dei årlege budsjetta.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Remi Sølvberg →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.