Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3046 · 2025-2026

Kan samferdselsministeren forklare korleis ministeren til stadig kan argumenter for at ein gjer tiltak for å få ned hardt skadde og døde i trafikken her i landet, når regjeringa i praksis kuttar heilt nødvendig vegvedlikeholdet på våre riksvegar, som står for svært mange av disse ulykkene?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 9. juni 2026. Svaret kom 17. juni 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
9. juni 2026
Besvart
17. juni 2026

Spørsmål

Kan samferdselsministeren forklare korleis ministeren til stadig kan argumenter for at ein gjer tiltak for å få ned hardt skadde og døde i trafikken her i landet, når regjeringa i praksis kuttar heilt nødvendig vegvedlikeholdet på våre riksvegar, som står for svært mange av disse ulykkene?

Begrunnelse

Regjeringa kuttar i bevilgningane til vedlikehold av riksvegane etter forliket med dei andre raud/grøne partia ang revidert budsjett for 2026.
Samtidig er vi her i landet i ein situasjon der ant hardt skadde og døde i trafikken aukar kraftig, der også ein vesentlig årsak til dette er manglande sommer og vintervedlikehold på våre riksvegar.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 17. juni 2026

Det stemmer ikkje at regjeringa kuttar nødvendig vedlikehald av riksvegar. Under Arbeiderparti-regjeringa har løyvinga til drift og vedlikehald auka frå 6,4 mrd. 2026-kr i 2020 til 11,7 mrd. i 2026.
Meir vedlikehald av vegane våre gir ein betre og tryggare reisekvardag for folk, og konkurransekraft for næringslivet. Vi får meir klimarobuste vegar, noko som òg er viktig for militær mobilitet. Difor held Arbeiderparti-regjeringa fram med satsinga på at vegane vi har held god standard.
Regjeringa har lagt opp til ei stor satsing på drift og vedlikehald i NTP. Og det følgde vi opp allereie i første budsjettår, med ei auke til drift og vedlikehald på 1,1 milliardar kroner. Satsinga er vidareført med ei reell styrking i 2026.
Dette er spesielt viktig for vinterdrifta. På den måten sørgjer vi for at vintervegane blir brøyta og at det blir strødd med salt og sand, som er dei viktigaste oppgåvene for både trafikktryggleika og framkom på vegane.
Det er viktig med fysiske tiltak, men vegforhold er sjeldan ein faktor åleine i dødsulukker. Statens vegvesen sine djupneanalysar av dødsulukker i trafikken viser at trafikantforhold var medverkande i 91 prosent av dødsulukkene i 2024. Årsakene til trafikkulukker er samansette, men vi veit at åtferda til føraren svært ofte er utslagsgivande. Høg fart, rus, umerksemd og risikoåtferd er gjengangarar som medverkande årsaker til dødsulukker. Forhold knytt til vegen og vegmiljøet, som linjeføring, sikthindringar og skilting, blir vurderte å ha vore medverkande faktor i 29 prosent av dødsulukkene i 2024.
Ny nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg for perioden 2026–2029 vart nyleg lagd fram. Planen inneheld 200 fagleg forankra tiltak, som omfattar alt frå regelverksarbeid og kunnskapsoppbygging til trafikant- og køyretøyretta tiltak og gjennomføring av fysiske tiltak. Det er summen av den samla innsatsen og alle tiltaka som skal bidra til at vi når dei måla vi har sett oss.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.