Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2985 · 2025-2026

Kva slags klima- og miljøkrav vil regjeringa foreslå i den komande konkurransen om kystruta etter 2030, og når vil Stortinget bli involvert i fastsetting av desse rammene?

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 5. juni 2026. Svaret kom 12. juni 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
5. juni 2026
Besvart
12. juni 2026

Spørsmål

Kva slags klima- og miljøkrav vil regjeringa foreslå i den komande konkurransen om kystruta etter 2030, og når vil Stortinget bli involvert i fastsetting av desse rammene?

Begrunnelse

I høyringane om «framtidas kystrute» har næringa, mellom anna gjennom Maritime CleanTech, peika på at anbodet bør brukast aktivt til å få fram låg- og nullutsleppsløysingar og nødvendig infrastruktur langs kysten. Samtidig er tidlege og tydelege krav avgjerande for å sikre konkurranse og utløyse investeringar. Spørsmålet er korleis regjeringa vil sikre at krava blir tilstrekkeleg ambisiøse og føreseielege til å gi reell teknologiutvikling og utsleppskutt.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 12. juni 2026

Kva slags klima- og miljøkrav vil regjeringa foreslå i den komande konkurransen om kystruta etter 2030, og når vil Stortinget bli involvert i fastsetting av desse rammene?»
Svar: Regjeringa er oppteken av å vidareutvikle grøn skipsfart. Frå 2025 vart det stilt krav om nullutslepp ved offentlege anskaffingar av ferjer, og omsetningskravet for biodrivstoff til sjøfart vart trappa vidare opp. Kystruta er ein viktig del av transportsystemet langs kysten. I gjeldande kontrakt er det allereie krav om maksimalt årleg CO₂-utslepp, som blir skjerpa år for år for å bidra til omstilling.
I Nasjonal transportplan 2025–2036 har regjeringa tidlegare varsla at miljøkrava til kystruta skal vurderast i neste konkurranse. Regjeringa meiner det må stillast riktige miljøkrav. Det vil seie krav som gir reell klimaeffekt samanlikna med kostnadene, og som samstundes bidreg til utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar i norsk maritim sektor.
Arbeidarpartiregjeringa arbeider for at vi skal få eit best mogleg transporttilbod for lokalbefolkninga og næringslivet langs kysten, og vil kome tilbake til Stortinget om ein neste konkurranse og tilhøyrande miljøkrav ved høve.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.