Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2957 · 2025-2026

Stortinget bad regjeringa fullføre forhandlingane om Stad skipstunnel for å få fram ein endeleg pris. Regjeringa viser no til ei kostnadsramme på 8,6 mrd. kroner, utan at resultatet av …

Harry Valderhaug (KrF) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 2. juni 2026. Det ble besvart av fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss. Svaret kom 10. juni 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Besvart av
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
2. juni 2026
Besvart
10. juni 2026

Spørsmål

Stortinget bad regjeringa fullføre forhandlingane om Stad skipstunnel for å få fram ein endeleg pris. Regjeringa viser no til ei kostnadsramme på 8,6 mrd. kroner, utan at resultatet av anbodskonkurransen etter avsluttande forhandlingar er gjort kjent.
Korleis meiner statsråden at Stortinget si bestilling er oppfylt når Stortinget ikkje har fått innsyn i resultatet av konkurransen og grunnlaget for kostnadsramma på 8,6 mrd. kroner?

Begrunnelse

Då Stortinget behandla saka om Stad skipstunnel, vart det lagt til grunn at Kystverket skulle fullføre forhandlingane med entreprenørane for å få fram ein endeleg pris. Regjeringa viser no til ei kostnadsramme på 8,6 mrd. kroner, men resultatet av anbodskonkurransen etter avsluttande forhandlingar er ikkje offentleg kjent. For Stortinget si behandling av saka er det viktig å kunne vurdere om bestillinga om å få fram ein endeleg pris er følgd opp, og kva grunnlag regjeringa byggjer sine vurderingar på. Det er derfor behov for å få avklart korleis regjeringa meiner Stortinget si bestilling er oppfylt, og kva kostnadsramma byggjer på.

Svar

Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 10. juni 2026

Regjeringa har fylgt opp Stortinget sitt vedtak i samband med trontaledebatten om å sikre at Kystverket fullfører forhandlingane med tilbydarane om bygging av Stad skipstunnel, for å få fram endeleg pris.
Av konkurransemessige omsyn kan Kystverket ikkje dele detaljerte opplysningar frå dei enkelte tilboda, men pristilbodet til vinnaren av konkurransen vil bli offentleg ved kontraktinngåing.
Kystverket har på bakgrunn av endelege tilbod frå tilbydarane vurdert at kostnadsramma for Stad skipstunnel må setjast til 8,6 mrd. kroner. I tillegg til prisen frå tilbydar er det her lagt inn kostnader til mellom anna planlegging, grunnerverv, byggleiing samt allereie påkomne kostnadar.
Etter einigheita om revidert nasjonalbudsjett 2026 mellom Arbeiderpartiet, Senterparitet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne er det avtalt å vidareføre prosjektet Stad skipstunnel, med kontraktinngåing innan hausten. Når Stortinget har vedtatt ny kostnadsramme kan det bli inngått endeleg kontrakt om bygging av Stad skipstunnel.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Harry Valderhaug →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.