Muntlig spørsmål nr. 4 · 2025-2026
Kommunalministeren, som er den femte i rekka i Støre-regjeringa, kan bli ståande. Eg skal òg stilla spørsmål om bustadbygging. Eg registrerer at statsråden har vorte kritisert for ikkje å ha gjort så …
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Bjørnar Skjæran, 29. april 2026.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Bjørnar Skjæran
- Datert
- 29. april 2026
- Besvart
- 29. april 2026
Lokalforvaltning · Bygningsvesen
Spørsmål
Kommunalministeren, som er den femte i rekka i Støre-regjeringa, kan bli ståande. Eg skal òg stilla spørsmål om bustadbygging.
Eg registrerer at statsråden har vorte kritisert for ikkje å ha gjort så masse i denne perioden. Han har stort sett utgreidd, sett ned utval og slikt. Noko har likevel denne regjeringa gjort – det skal eg ærleg innrømma – men det er ting som har gått i feil retning:
Så når det gjeld det som regjeringa har gjort, har det gått i feil retning med tanke på å leggja til rette for meir bustadbygging og å nå regjeringa sitt eige mål. Det som trekkjer i riktig retning, har ein vanskeleg for å innføra – ein skal utgreia og sjå nærmare på det. Det som har kome så langt, er ganske tannlaust. Det vil ikkje bidra til å gjera ting verken raskare eller meir effektivt. Me ventar framleis på konkrete forslag som faktisk vil verka, og som gjer at lokalpolitikarar rundt omkring i Noreg kan sjå at tempoet går opp når det gjeld å regulera og å sikra nok bustadar.
Både statsråden og eg har lang erfaring som lokalpolitikarar, og me har stort sett alltid vore einige med alle lokalpolitikarar i at ting blir verre og verre når det gjeld arealpolitikk. Mitt spørsmål er ganske enkelt og greitt:
Kva trur statsråden lokalpolitikarane tenkjer om denne statsråden og denne regjeringa? Opplever dei at ting blir betre eller vanskelegare når det gjeld arealpolitikk?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.