Skriftlig spørsmål nr. 2751 · 2025-2026
Kan eg be om ein tabell som viser kor mange seter som vart i gjennomsnitt vart tilbydd på strekningane Lillehammer-Oslo, Fredrikstad-Oslo og Sandefjord-Oslo i 2025, kor mange passasjerar det var på dei same strekningane i gjennomsnitt?
Ove Trellevik (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 15. mai 2026. Svaret kom 26. mai 2026.
- Fra
- Ove Trellevik (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 15. mai 2026
- Besvart
- 26. mai 2026
Spørsmål
Kan eg be om ein tabell som viser kor mange seter som vart i gjennomsnitt vart tilbydd på strekningane Lillehammer-Oslo, Fredrikstad-Oslo og Sandefjord-Oslo i 2025, kor mange passasjerar det var på dei same strekningane i gjennomsnitt?
Begrunnelse
Samferdselsministeren har i media grunngjeve kutt i rutetilbod på kortbanenettet med at det er for mange ledige seter. Ber om at det vert gjort greie for kor mange ledige seter det i snitt er på desse togavgangane.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 26. mai 2026
Eg har lagt fram spørsmålet for Jernbanedirektoratet, som har gitt meg følgjande tabellar med tilhøyrande føresetnader:
Utanom rush 2025
Linjenamn Linje-nummer Snitt kapasitet Snitt reisande om bord (alle stopp) Snitt reisande om bord (max) Utnyttings-grad (alle stopp) Utnyttingsgrad (max)
Lillehammer-Oslo S RE10 366 122 223 35,3 % 65,0 %
Sandefjord-Oslo S RE11 354 139 198 39,4 % 56,3 %
Fredrikstad-Oslo S RE20 266 107 142 41,3 % 54,8 %
I rush 2025
Linjenamn Linje-nummer Snitt kapasitet Snitt reisande bord (alle stopp) Snitt reisande om bord (max) Utnyttingsgrad (alle stopp) Utnyttingsgrad (max)
Lillehammer-Oslo S RE10 415 168 358 40,7 % 86,2 %
Sandefjord-Oslo S RE11 370 193 344 51,4 % 93,1 %
Fredrikstad-Oslo S RE20 456 244 383 54,4 % 86,2 %
FØRESETNADER:
• «Rush» er alle avgangar som anten har ei planlagd innkomsttid på Oslo S mellom 07:00 og 09:00 (morgonrush) eller ei planlagd avgangstid på Oslo S mellom 15:00 og 17:00 på kvardagar. Tabellen «I rush» vil derfor alltid vera på kvardagar, medan «Utanom rush» vil både ha tal for kvardagar og helgedagar.
• «Snitt kapasitet» er gjennomsnittleg setekapasitet per avgang.
• «Snitt reisande om bord (alle stopp)» tek gjennomsnittet av talet på reisande om bord på alle stoppa for kvar avgang, og tek så snittet av dette.
• «Snitt reisande om bord (max)» finn stoppet med flest reisande per avgang, og tek snittet av dette.
• «Utnyttingsgrad (alle stopp)» er (Snitt talet på reisande om bord (alle stopp) / Snitt kapasitet) på kvar avgang, og tek så snittet av dette.
• «Utnyttingsgrad (max)» er (Snitt talet på reisande om bord (max) / Snitt kapasitet) på kvar avgang, og tek så snittet av dette.
• For Lillehammer-Oslo S (RE10) er alle stasjonar på strekninga med, men Oslo S er tatt ut når neste stopp er Nationaltheatret, då det ikkje seier noko om talet på reisande på nemnd strekning.
• For Sandefjord-Oslo S (RE11) er alle stasjonar på strekninga med, men Oslo S er tatt ut når neste stopp er Lillestrøm, då det ikkje seier noko om talet på reisande på nemnd strekning.
• For Fredrikstad-Oslo S (RE20) er alle stasjonar på strekninga med, men Oslo S er tatt ut når neste stopp eventuelt er Nationaltheatret, då det ikkje seier noko om talet på reisande på nemnd strekning.
Ein god del tog køyrer med dobbeltsett utanom rushtida, hovudsakleg for å få toga på riktig sted. Dette kan føre til ein viss overkapasitet på nokre avgangar i statistikken, men er naudsynt for å få logistikken til å hengje i hop.
Vi har svært knapp jernbaneinfrastruktur og må difor nytte han så effektivt som mogleg. Staten arbeider med å etablere eit togtilbod som i størst mogleg grad svarar til etterspurnaden. Frå desember 2027 blir togrutene lagde om, og dei reisande på Austlandet får fleire togavgangar og betre plass om bord. Den ledige kapasiteten til Flytoget skal utnyttast slik at tog som no er forbehaldne flyreisande, blir opne for alle.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ove Trellevik →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.