Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2664 · 2025-2026

Er det mogleg for samferdsledepartementet eller Jernbanedirektoratet å syte for at den konkurranseutsette delen av jernbanenettet vert pålagt å syte for at kapasiteten i heile jernbanenettet vert …

Marthe Hammer (SV) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 7. mai 2026. Svaret kom 18. mai 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
7. mai 2026
Besvart
18. mai 2026

Spørsmål

Er det mogleg for samferdsledepartementet eller Jernbanedirektoratet å syte for at den konkurranseutsette delen av jernbanenettet vert pålagt å syte for at kapasiteten i heile jernbanenettet vert oppretthalde i særskilte høve - slik som brann eller andre utfordringar som resulterer i mangel på togsett på enkeltstrekk?

Begrunnelse

Etter togbrannen på Bergensbanen 8. april har fleire avgangar mellom Bergen og Oslo vore løyst med bruk av lokaltog. Desse lokaltoga har ikkje kapasitet eller komfort til ein distanse på inntil 7 timar. Grunngjevinga har vore at Vy ikkje har reservekapasitet på fjerntog og at det ikkje er mogleg å leige inn slik kapasitet frå til dømes SJ eller GoAhead.
Konkurransen og oppsplittinga av NSB har då ein direkte konsekvens for togtilbodet på Bergensbanen.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 18. mai 2026

Dei aller fleste togavgangane i Noreg i dag er kjøp frå staten ved Jernbanedirektoratet. Trafikkavtalane inneheld krav til kva som skal leverast, mellom anna krav til togmateriell og krav om alternativ transport. Utfordringa er at det finst lite tilgjengeleg togmateriell som er eigna for bruk i Noreg.
Jernbanedirektoratet har difor lagt til rette for at det i dag er mogleg å omdisponere togmateriell mellom trafikkpakkane. Vy tog har mellom anna kunne leigd inn ein ekstra togstamme frå SJ Norge i perioden desember 2025 til mai 2026 sidan Nordlandsbanen har vore stengd grunna raset ved Nesvatnet i Levanger. Jernbanedirektoratet vil føre vidare praksisen med omdisponering av køyretøy mellom trafikkpakkar i særskilde tilfelle, der dette samla sett gir det beste kundetilbodet i jernbanesektoren.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Marthe Hammer →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.