Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2575 · 2025-2026

Kjenner statsråden til at det er sendt ut ordre om å ikkje inngå nye avtaler innanfor vegsektoren i forkant av revidert nasjonalbudsjett, og kjenner statsråden til at dette er eit signal som er sendt ut til etaten?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 29. april 2026. Svaret kom 4. mai 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
29. april 2026
Besvart
4. mai 2026

Spørsmål

Kjenner statsråden til at det er sendt ut ordre om å ikkje inngå nye avtaler innanfor vegsektoren i forkant av revidert nasjonalbudsjett, og kjenner statsråden til at dette er eit signal som er sendt ut til etaten?

Begrunnelse

Samferdsleministeren sa i den muntlege spørretimen til representanten Bård Hoksrud at han ikkje kjente til kva ein ansatt i Statens vegvesen sa på eit møte i Vestlandet om at det ikkje kan signerast kontrakter no fordi det skal kuttast i vegbudsjettet i revidert på grunn av avgiftsreduksjonen Stortinget vedtok.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 4. mai 2026

Eg er ikkje kjend med at det er sendt ut ein ordre som representanten Njåstad her viser til.
Som det går fram av Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036, er det ein føresetnad at ressursbruken i det enkelte budsjettåret må bli tilpassa det samla økonomiske opplegget i statsbudsjettet og tilstanden i norsk økonomi. Ytre hendingar og endringar i det økonomiske handlingsrommet påverkar tempoet i gjennomføringa og dei konkrete prioriteringane.
Regjeringa er opptatt av å føre en ansvarleg samferdselspolitikk. Det betyr mellom anna at planlegging av nye prosjekt må bli tilpassa dei årlege budsjetta, at vi må ha god kontroll på bindingane som følgjer når vi startar opp nye prosjekt, og at vi må løyse dei viktigaste utfordringa på ein konstandseffektiv måte.
Regjeringa vil halde fram med å legge fram budsjett tilpassa ei usikker tid, budsjett som skal gi tryggleik for folk, tryggleik for økonomien og tryggleik for landet.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.