Skriftlig spørsmål nr. 2615 · 2025-2026
Kan samferdselsministeren leggje fram grunnlaget for rassikringsmidlane som Møre og Romsdal fylkeskommune mottek årleg, synleggjere kva fylket har motteke av slike midlar dei siste 10 åra, og …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 23. april 2026. Svaret kom 11. mai 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 23. april 2026
- Besvart
- 11. mai 2026
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram grunnlaget for rassikringsmidlane som Møre og Romsdal fylkeskommune mottek årleg, synleggjere kva fylket har motteke av slike midlar dei siste 10 åra, og forklare om statsråden synest det er logisk at finansiering av rassikringsprosjekt slik som Fv 63 Trollstigen blir forsøkt velta over i form av bompengar til innbyggjarane og næringslivet og turistane, når fylkeskommunen lett klarer å fullfinansier dette prosjektet på sikte med regjeringa sine årlige overføringar av rassikringsmidlar?
Begrunnelse
Møre og Romsdal fylkeskommune mottar årleg ein betydeleg sum med millionar av kr til rassikring av fylkesvegar, for 2025 vart desse midlane synleggjort som ein del av overskottet til fylkeskommunen.
No har eit flertall i fylkeskommunen kome på den "kreative ideen" med å bompengefinansiere rassikring av Fv 63 Trollstigen, der dette i såfall er av dei fyrste rassikringsprosjekta i landet som nokon gong har blitt påført bompengebelastning.
I ulike regjeringar også i dagens, har prinsippet om at rassikringsmidlane vert fordelt mellom riks og fylkesvegane og skal gå til å finansiere rassikringsprosjekta, utan bompengar.
I Møre og Romsdal er snart siste utbygde rassikringsprosjektet til fylket fullfinansiert av desse rassikringsmidlane, og ein ville såleis kunne finansiere rassikringa av Trollstigen som 1 prioritert rassikringsprosjekt i fylket, med framtidige rassikringsmidlar.
At fylkeskommunen då unnlater å legge til grunn bruken av rassikringsmidlane frå regjeringa til slik finansiering, og heller søker regjeringa om løyve til å sende rekninga for rassikringa til lokalbefolkninga og næringslivet samt turistane, er rett og slett greinalaust.
Fv63 over Trollstigen er etter årleg åpning flittig brukt av lokalbefolkninga og næringslivet og er sjølvsagt også ein viktig nasjonal turistveg.
At staten skulle tillate eit nytt prinsipp her i landet der rassikringsmidlane ikkje vert nytta til rassikring men rekninga for slike prosjekt blir sendt innbyggjarane iform av bompengar, er prinsipielt forkastelig, spesielt med tanke på at her ligg ei finansiering for slike prosjekt frå staten allerede.
Rassikring av Trollstigen er berekna til 3-400 mill kr. Møre og Romsdal mottek ca 135 mill kr årleg, ein sum som er stigende, og vil såleis etter dette prosjektet vil kunne stå ferdig om 4-5 år vere i posisjon til å kunne fullfinansiere sjølve dette prosjektet med sikringsmidlene frå staten, og uansett dekke dette inn få år etter å ha forskottert prosjektet.
Dette har fylkeskommunen gjort med til dømes rassikringa av Fv 60 mellom Røyr og Hellesylt der heile prosjektet inkl renteutgiftene for prosjektet vart dekt 100% av dei statlege rassikringsmidlane, likeså siste prosjektet på Fv63 mellom Eidsdal og Geiranger som også vil bli fullfinansiert på samme måten.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 11. mai 2026
Bruk av bompengar på fylkesvegar byggjer på lokale initiativ og vedtak, og føreset brei lokal tilslutnad. Prinsippet er at bompengar skal vere eit supplement til ordinær finansiering og kan bidra til å gjennomføre prosjekt raskare enn ved full rammefinansiering. Staten fastset overordna rammer og verkemiddel, men prioriteringa av midlar og val av finansieringsløysing ligg til fylkeskommunane som folkevalde regionale organ.
Når det gjeld fv. 63 Trollstigen, har Møre og Romsdal fylkeskommune, i samband med Rauma og Fjord kommunar, vedteke å arbeide vidare med bompengefinansiering for varig sikring og utbetring av strekninga. Dette følgjer av fylkestingsvedtak 24. april 2025 (sak T-12/25) om prinsipiell tilslutnad til bompengefinansiering, og vedtak 21. april 2026 (sak 10/26) om vidare framdrift og søknad om forskottering av planleggingsmidlar.
Fylkeskommunen grunngjev valet av bompengar med fleire forhold, mellom anna stort sikringsbehov og høg risiko, eit høgt samla kostnadsnivå, omsyn til samfunnstryggleik, næringsliv og reiseliv, samt behov for rask gjennomføring. Nytteprinsippet står sentralt i vurderinga, særleg sidan Trollstigen har stor sesongbasert trafikk og høg nytte for både innbyggjarar og besøkjande.
Det er samstundes knytt betydeleg usikkerheit til om prosjektet kan realiserast som eit bompengeprosjekt. Gjennomføringa vil vere avhengig av mellom anna trafikkgrunnlaget (ÅDT), samla kostnader for nødvendige tiltak, rente- og finansieringsføresetnader og kva tiltak som faktisk blir inkluderte. Det avgrensa og sesongbaserte trafikkgrunnlaget set grenser for bompengepotensialet og dermed for kor stor del av sikringsbehovet som kan finansierast på denne måten. Vidare krev prosjektet statleg avklaring og eventuelt godkjenning av bompengeopplegget før det kan realiserast. Prosjektet er difor ikkje endeleg avklart, men avhengig av vidare utgreiingar og vedtak.
I Nasjonal transportplan 2025–2036 er det opna for å nytte bompengar som verkemiddel for å realisere fleire mindre og mellomstore utbetringsprosjekt på både riks- og fylkesvegnettet. Det blir mellom anna peikt på moglegheita for pilotprosjekt med strekningsvise løysingar som kombinerer forskots-, parallell- og etterskotsinnkrevjing, der dette er føremålstenleg. Føresetnadene er lokal forankring, låg innkrevjingskostnad og at nytteprinsippet blir ivareteke. Prosjektet Trollstigen kan passe inn i ei slik ramme.
Fylkeskommunane finansierer i hovudsak fylkesvegar med frie inntekter, som består av rammetilskot og skatteinntekter. Statens vegvesen lagde eit tilskotprogram for skredsikring på fylkesvegnettet (kap. 1320, post 62) for perioden 2018–2023, basert på dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2018–2029. Tilskotet blei innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunar i statsbudsjettet for 2020, og midlane er gitt særskild fordeling på tabell C-fk. I åra 2020–2023 har midlane blitt fordelte mellom fylkeskommunane med utgangspunkt i årleg gjennomsnittleg ramme i tilskotprogrammet. Med statsbudsjettet for 2023 har alle fylkeskommunane fått tildelt midlar i tråd med tilskotsprogrammet for 2018–2023. Frå og med 2024 har det blitt lagt til grunn same prosentvise fordeling mellom fylkeskommunane som i heile tilskotsprogrammet for 2018–2023, som ga ein auke i fordelinga til Møre og Romsdal fylkeskommune frå 2024. I saldert budsjett for 2026 blei midlar fordelt til ras- og skredsikring på tabell C-fk auka med 100 mill. kr, som også auka midlar fordelt til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tabell 1 visar øyremerkt tilskot til skredsikring Møre og Romsdal fylkeskommune for åra 2017-2019. Tabell 2 visar midlar fordelte til Møre og Romsdal på tabell C-fk Ras- og skredsikring fylkesveg i inntektssystemet til fylkeskommunar for åra 2020-2026. Tabellane er i nominelle prisar.
Tabell 1. Øyremerkt tilskot til Møre og Romsdal fylkeskommune på kap. 1320, post 62 Tilskot til skredsikring av fylkesveg
i tusen kroner
2017 2018 2019
24 500 220 000 74 400
Tabell 2. Midlar fordelte til Møre og Romsdal fylkeskommune over tabell C-fk Ras- og skedsikring fylkesveg på kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar»
i tusen kroner
2020 2021 2022 2023 2024 2025 2026
84 402 86 681 88 848 95 708 127 049 132 258 150 377
I tillegg til desse midlane fekk Møre og Romsdal fylkeskommune i 2024 40 mill. kroner i skjønnsmidlar som et eingongstilskot over Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett, til finansiering av akutt utbetring etter ekstraordinære skredhendingar i Trollstigen.
Midlar fordelte over tabell C-fk inngår i fylkeskommunane sine frie inntekter, og fylkeskommunane prioriterer bruken midlane etter lokale behov. Eg vil understreke at staten legg til rette gjennom føreseielege rammer, men detaljstyrer ikkje prioriteringane til fylkeskommunane.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.