Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2612 · 2025-2026

Kan samferdselsministeren leggje fram dokumentasjon som syner at det er vurdert konsekvensene av å sitte i ein el bil dag ut og dag inn, i mnd og i år, i eit førarmiljø opp på eit gedigent batteri …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 8. april 2026. Svaret kom 8. mai 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
8. april 2026
Besvart
8. mai 2026

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram dokumentasjon som syner at det er vurdert konsekvensene av å sitte i ein el bil dag ut og dag inn, i mnd og i år, i eit førarmiljø opp på eit gedigent batteri under baken, med enormt mykje spenning, og om det er gjennomført studier eller forskning som dokumentere at dette ikkje påverkar mennesket negativt helsemessig som sitter i bilen konstant i form av å vere yrkessjåfør som til dømes i taxinæringa?

Begrunnelse

Innføring av nullutslippskrav for taxinæringa har sine utfordringer.
Ikkje berre er el-bilene dyre i innkjøp, men driftstida er heller ikkje noko å skryte av då ladetid gjer at driftstida går ned og dertil inntjening likeså.
Det som enkelte taxisjåfører no bemerker, er at ja, før vart ein også sliten av å køyre bil lenge i eit stressende bymiljø, men når ein kom heim var en sliten men ikkje dårlig helsemessig.
No blir det meldt at taxisjåfører har betydelige plager som dei frykter er med bakgrunn i at ein sitter opp på eit svært stort batteri med mykje spenning ikring seg heile dagane , dag ut, veke, mnd og år.
I andre undersøkelsar har det ofte vore debatter ikring dei som bur for nært store kraftledninger, under kraftledninger pga fare for påverknad av skadeleg spenning, og i andre miljø nært store kraft eller signalspenninger, no kan det sjå ut til at dette er eit fenomen som ein slett ikkje har tenkt over for yrkessjåfører som oppholder seg konstant i disse el-bilane med enorme batteripakker under baken.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 8. mai 2026

Køyretøymyndigheita i Noreg har ikkje sett dokumentasjon på eller motteke signaler frå helsemyndigheitene om at stråling frå elbilar er eit problem for kroppen. Verdas helseorganisasjon (WHO) har undersøkt dette over fleire tiår, og har ikkje publisert dokumentasjon som gjev grunnlag for endring av gjeldande praksis.Det blir produsert millionar av elbilar kvart år. Kun ein liten del av denne produksjonen blir omsett i Noreg. Desse personbilane har ikkje norske særeigne spesifikasjonar. Noreg samarbeider internasjonalt med andre lands myndigheiter for å setje krav til miljø og tryggleik, slik at vi no har betre bilar enn før. Globale krav blir utvikla gjennom eit fora etablert av FN (UNECE). Dersom det ikkje er mogleg å få globale krav, men Europa ynskjer ytterlege krav, kan EU utvikle tilleggskrav som gjeld for alle bilar registrert i Europa og Noreg. Krav til bilars elektromagnetiske stråling og påverking blir fastsett i FN-regulativ 10 (Electromagnetic Compatibility). Dette er ei regulering som har spesifikke krav på elektromagnetisk stråling. Krava er innretta mot å ikkje skulle påverke eller bli påverka av anna utstyr, som til dømes anna tryggleiksutstyr i bilar, og ikkje for å redusere stråling mot menneske. Det er ikkje påvist at menneske blir påverka på ein slik måte at denne reguleringa treng ei utviding.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.