Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2284 · 2025-2026

Kan eg be om berekna samfunsnytte (både NNB og NNV 2026-kroner) for Follobanen, og dersom det ikkje føreligg oversikt over endeleg kostnad ber eg om at det vert berekna samfunsnytte for basert på ein sluttsum på 37 mrd. kroner?

Ove Trellevik (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 7. april 2026. Svaret kom 13. april 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
7. april 2026
Besvart
13. april 2026

Spørsmål

Kan eg be om berekna samfunsnytte (både NNB og NNV 2026-kroner) for Follobanen, og dersom det ikkje føreligg oversikt over endeleg kostnad ber eg om at det vert berekna samfunsnytte for basert på ein sluttsum på 37 mrd. kroner?

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 13. april 2026

Nytt dobbeltspor mellom Oslo og Ski, Follobanen, var prioritert i Nasjonal transportplan 2014-2023 med oppstart i 2015. Totalkostnaden vart i Stortingsmeldinga berekna til om lag 20 milliardar kroner. Dei store investeringskostnadene gjorde at prosjektet isolert sett hadde ein negativ berekna samfunnsøkonomisk netto nytte, på om lag (minus) ni milliardar kroner. Bygginga av dobbeltsporet vart likevel prioritert fordi det vart rekna som ein heilt nødvendig føresetnad for å kunna etablera eit togtilbod som svarer til dei framtidige transportbehova i denne korridoren (Oslo-Svinesund).Som kjent vart Follobanen vesentleg dyrare, og ferdigstilt seinare enn det som vart lagt til grunn i nemnde NTP. Det planleggast ei etterevaluering av Follobane-prosjektet i regi av forskingsprogrammet Concept ved NTNU. Concept har som formål å bidra til betre avgjerdsgrunnlag og styring av store statlege investeringsprosjekt, og gjennomfører mellom anna etterevalueringar av prosjekt som har vore underlagde den statlege KS-ordninga. Concept-rapportane blir brukte som eit fagleg og uavhengig grunnlag for å dokumentera kostnadsutvikling, resultatoppnåing (samfunnsnytte) og læring i etterkant av gjennomførte prosjekt.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ove Trellevik →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.