Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2267 · 2025-2026

Kan statsråden gjere greie for om han legg til grunn at Stord–Oslo-ruta framleis skal inngå i FOT-ordninga også etter utløpet av gjeldande kontrakt i 2027?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 3. april 2026. Svaret kom 13. april 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
3. april 2026
Besvart
13. april 2026

Spørsmål

Kan statsråden gjere greie for om han legg til grunn at Stord–Oslo-ruta framleis skal inngå i FOT-ordninga også etter utløpet av gjeldande kontrakt i 2027?

Begrunnelse

Stord lufthamn har etter at ruta Stord–Oslo vart teke inn i dei statlege FOT-rutene frå 1. april 2024 opplevd ein svært sterk trafikkvekst. I 2025 vart det sett passasjerrekord med om lag 52 700 reisande, ein auke på nærare 45 prosent frå året før. Lufthamnleiinga peikar på at veksten i hovudsak skuldast FOT-ordninga, som har gitt fleire avgangar, stabile og lågare prisar og dermed gjort flytilbodet langt meir attraktivt for både næringsliv og innbyggjarar i Sunnhordland. Trafikkutviklinga held fram inn i 2026.
Ei rapport frå Menon Economics, omtalt i same samanheng, viser at Stord lufthamn bidreg med rundt 33 millionar kroner årleg i verdiskaping og om lag 31 arbeidsplassar, i tillegg til betydelege ringverknader for næringslivet i regionen. Lufthamna spelar òg ei viktig rolle for beredskap, tilgjenge og som avlasting for veg- og ferjesamband i ein region med store avstands- og reisetidsutfordringar.
Samtidig vert det åtvara mot at grunnlaget for vidare drift kan falle bort dersom Stord–Oslo-ruta ikkje vert teke med vidare når gjeldande FOT-kontrakt går ut i oktober 2027. Lufthamnleiinga har peika på at utan FOT-ruta vil det vere svært krevjande å oppretthalde eit stabilt og føreseieleg rutetilbod, trass i dokumentert etterspurnad og samfunnsnytte.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 13. april 2026

Ordninga med statleg kjøp av flyruter (FOT) skal bidra til å sikre eit tilfredsstillande flytilbod i område der det ikkje er grunnlag for kommersiell drift, og vert utforma på bakgrunn av transportfaglege vurderingar og overordna prioriteringar.
I arbeidet med ny konkurranse om drift av FOT-ruter i Sør-Noreg frå 1. november 2027 gjer departementet samla vurderingar av rutetilbodet, mellom anna i lys av omsynet til eit tenleg transporttilbod, statens utgifter og kva som er praktisk og politisk gjennomførbart.
Eg tek sikte på å kunngjere konkurransen i løpet av april. Kva for ruteområde som vil inngå i konkurransen, vil gå fram av kunngjeringa.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.