Skriftlig spørsmål nr. 2246 · 2025-2026
Meiner regjeringa at dagens bompengevekst er berekraftig for norske bilistar, og er det eit mål for regjeringa å redusere den totale bompengebelastninga – særleg sett opp mot dei mange andre kostnadsaukingane bilistane no står i, som drivstoffprisar?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 29. mars 2026. Svaret kom 14. april 2026.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 29. mars 2026
- Besvart
- 14. april 2026
Spørsmål
Meiner regjeringa at dagens bompengevekst er berekraftig for norske bilistar, og er det eit mål for regjeringa å redusere den totale bompengebelastninga – særleg sett opp mot dei mange andre kostnadsaukingane bilistane no står i, som drivstoffprisar?
Begrunnelse
Dei siste 20 åra har bompengebelastninga for norske bilistar auka dramatisk. Ei historisk oversikt frå Transportøkonomisk institutt viser at dei årlege bompengeinntektene har gått frå om lag 3 milliardar kroner i 2005 til rundt 11 milliardar i 2018, ein tredobling på litt over ti år.
Sidan den gang har kostnadene eksplodert ytterlegare. NAF viser til at bilistane i 2024 betalte 15,8 milliardar kroner, og at regjeringa sjølv anslår at innkrevjinga vil stige til 17,3 milliardar kroner i 2026. Statens vegvesen stadfestar også at bompengeinntektene no ligg på 16,8 milliardar kroner i 2025, opp frå 15,9 milliardar året før.
Dette er ei seksdobling av bompengeinntektene sidan 2005. Samtidig møter bilistane stadig fleire fordyrande element – inkludert vesentleg høgare drivstoffprisar og nye bomstasjonar – noko som gjer den samla kostnadsbelastninga for vanlege pendlarar svært krevjande.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 14. april 2026
Som eg viste til i svaret mitt på spørsmål nr. 1681 (2025–2026) frå stortingsrepresentant Bård Hoksrud, er det eit grunnleggjande prinsipp at bompengefinansiering på offentleg veg skal byggje på lokalpolitisk tilslutning. Gjennom lokalpolitiske vedtak vurderer lokale styresmakter òg om bompengebelastninga som eit nytt bompengeprosjekt vil gje, er akseptabel sett opp mot nytten i prosjektet. Eg meiner det er viktig at lokale styresmakter framleis skal ha høve til å medverke til utviklinga av vegnettet gjennom bruk av bompengefinansiering.
Samstundes er regjeringa oppteken av at lokale styresmakter har best mogleg grunnlag for å fatte lokale vedtak om bompengefinansiering. Eg har derfor bedt Statens vegvesen – som ei oppfølging av omtalen av bompengar i Nasjonal transportplan 2025-2036 – om å utvikle eit felles rammeverk for å vurdere den samla bompengebelastninga i eit område ved planlegging av nye bompengeproposisjonar.
Regjeringa vidarefører ordninga med Tilskudd for reduserte bompengetakster utenfor byområdene for 2026. Denne ordninga inneber eit statleg tilskot slik at bompengetakstane kan reduserast med om lag 10 prosent, og gjeld for bompengeprosjekt som vart lagt fram for Stortinget før utgangen av 2016. I tillegg vert det gjeve tilskot for redusert bompengebelastning for prosjekta E6 Kolomoen–Moelv, rv. 3/25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet og ytterlegare eit tilskot til rv. 13 Ryfast. I 2026 blir det løyvd om lag 870 mill. kr innanfor desse ordningane.
Inntektene frå bompengeinnkrevjinga har auka dei siste åra, men grunnen til dette er ikkje at det har blitt så mange fleire bompengeprosjekt. Talet på bompengeprosjekt med innkrevjing har vore stabilt – om lag 55–60 prosjekt dei siste ti åra, og det var fleire prosjekt med innkrevjing i den første halvdelen av perioden enn i den siste. I same tidsrom har likevel talet på bomstasjonar auka. Grunnen til dette er oppstart eller utviding av bompengepakker i dei store byområda. Når det blir etablert fleire bomstasjonar i eit område, fører det til at heile eller store delar av vegnettet blir dekt, og dermed passerer fleire køyretøy gjennom bomstasjonane. På denne måten er det fleire som bidreg, men bompengebelastninga for den enkelte blir ikkje nødvendigvis større.
Eg er oppteken av at bompengar, enten dei blir brukte til strekningsvise prosjekt eller i byområda gjennom bypakker, skal nyttast på ein måte som gir god nytte for trafikantane og samfunnet. Sidan bypakkene medverkar til at nullvekstmålet kan nås og i tillegg reduserer utfordringane i byområda, vil dei òg bidra til betre framkomst for dei som er avhengige av å bruke bil.
Når det gjeld strekningsvise riksvegprosjekt, vil eg understreke at staten framleis investerer betydeleg i riksvegnettet samstundes som det vert lagt til rette for heilskaplege løysingar i byområda i tråd med lokalpolitiske ønskje og vedtak.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.