Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2176 · 2025-2026

Kan det bes om ei grov oversikt over kor mange kvm skog vi har fått grunna heving av tregrensa dei siste 50/100 åra, og kor mange kvm. meir skog som er etablert grunna gjengroing av beitemark, også …

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til klima- og miljøministeren, Andreas Bjelland Eriksen, 26. mars 2026. Det ble besvart av landbruks- og matministeren Nils Kristen Sandtrøen. Svaret kom 13. april 2026.

Til
Klima- og miljøministeren · Andreas Bjelland Eriksen
Besvart av
Landbruks- og matministeren · Nils Kristen Sandtrøen
Datert
26. mars 2026
Besvart
13. april 2026

Spørsmål

Kan det bes om ei grov oversikt over kor mange kvm skog vi har fått grunna heving av tregrensa dei siste 50/100 åra, og kor mange kvm. meir skog som er etablert grunna gjengroing av beitemark, også dette sett i eit 50/100 års perspektiv, om det er mogleg å seie noko om kva ein antar vil bli svara også om ein legg på dei neste 50 åra, er det fint?

Begrunnelse

Det er stor fokus på natur som må vike, mellom anna ved bygging av nye vegar og industriområde for å sikre verdiskaping i åra som kjem. Samstundes registrerer vi at tregrensa i enkelte delar av landet har dekka større delar av våre fjellområde, og at opne område der det før gjekk beitedyr, no er gjenstand for gjengroing.

Svar

Landbruks- og matministeren Nils Kristen Sandtrøen, 13. april 2026

Noreg har gjennom Landsskogtakseringa gjennomført detaljerte registreringar av skogen sidan 1919. SSB og Kartverket har òg samla inn arealinformasjon over lang tid. Det er likevel vanskeleg å seie noko heilt sikkert om utviklinga i skogarealet over tid. Det kjem dels av at skog blir definert på ulike vis i ulike samanhengar. Til dømes har Noreg store areal med glissen skog og lav tresetting, men vi har òg produktiv skog der tilveksten gir grunnlag for lønsam drift (skog som i gjennomsnitt kan produsere minst ein kubikkmeter trevirke inkludert bark per hektar/år).

I tabellen nedanfor er hovudtal Norsk institutt for bioøkonomi har stilt saman for åra 1927 og 2022:

1927 2022
Total skogareal (mill. ha) 10,9 12,1
Produktivt skogareal (mill. ha) 7,7 8,2

Ut frå dei tilgjengelege tala kan det synast som om skogarealet har auka noko sett i eit 100-års perspektiv, men for det tidsperspektivet er det ikkje mogleg ut frå talgrunnlaget å skilje mellom tilførsel av skog på grunn av heving av skoggrensa og gjengroing av beitemark. Vi har heller ikkje i det tidsperspektivet tal for kor mykje som har gått ut (avskoging) og kor mykje som har kome til. Det er grunn til å tru at auken i skogarealet frå 1927 for det meste skuldast gjengroing og tilplanting av tidlegare hagemark og beite. Klimaendringane har hittil hatt mindre å seie for auken i skogarealet.

Omkring 1990 etablerte Landsskogtakseringa eit permanent prøveflatenett, og for åra etter dette har vi mykje betre statistikk. Ser ein på utviklinga i skogarealet for perioden etter 1990, har det vært noko reduksjon i totalt skogareal, og det er mest uttalt for produktiv skog. Frå 1990 til 2022 har produktivt skogareal minka med 93 000 ha, mens det uproduktive arealet har auka med 21 000 ha. Totalt har det vore ein reduksjon på om lag 72 000 ha skog.
Arealet som har gått frå skog til annan arealbruk har vore større enn arealet som har gått frå annan arealbruk til skog.

Eg vil ikkje spå om utviklinga dei neste 50 åra. Etter dei tala Norsk institutt for bioøkonomi har stilt saman, er det grunn til å merke seg at det er ein vesentleg forskjell i skogareala som går tapt samanlikna med dei som kjem til når det gjeld til dømes tømmerproduksjon, CO₂-opptak og biotopar for naturmangfald. Det tek òg lang tid (100 år og meir) før «ny skog» blir skogmark med ei naturleg artssamansetjing, og enda lenger tid før karbonbehaldninga er bygd opp slik som i ein opphavleg skog.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.