Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1978 · 2025-2026

Kan statsråden gjere greie for arbeidet med å sikre generell kompetanse i indremedisin og kirurgi?

Kjersti Toppe (Sp) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Jan Christian Vestre, 13. mars 2026. Svaret kom 20. mars 2026.

Til
Helse- og omsorgsministeren · Jan Christian Vestre
Datert
13. mars 2026
Besvart
20. mars 2026

Spørsmål

Kan statsråden gjere greie for arbeidet med å sikre generell kompetanse i indremedisin og kirurgi?

Begrunnelse

Spesialisering av legar må skje på ein måte som dekker behovet i helse- og omsorgstenesta. Erfaringa er at legar som spesialiserer seg i greinspesialitetar ikkje kan arbeide i vakt på lokalsjukehus, om dei ikkje er generellkirurg/generellindremedisinar i botn.

Svar

Helse- og omsorgsministeren Jan Christian Vestre, 20. mars 2026

Eg er samd i at spesialisering av legar skal skje slik at dei dekkjer behova i tenestene. Av denne grunnen har regjeringa, i tråd med Meld. St. 9 (2023-2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024 – 2027, lagt vekt på breiddekompetanse i utdanninga av helsepersonell, legespesialistane inkludert. Regjeringa har følgt dette opp i to oppdrag, eitt til Helsedirektoratet og eitt til dei regionale helseføretaka
I tildelingsbrevet til Helsedirektoratet i 2024 vart direktoratet bede om å gjennomgå læringsmåla i relevante spesialitetar og vidareutvikle spesialitetsstrukturen for å innrette spesialiseringa av legar mot pasientane og tenestene sine behov, medrekna for breiddekompetanse. Helsedirektoratet melder til departementet at dei har valt å fokusere på spesialitetane med felles kirurgisk eller indremedisinsk del. Direktoratet melder også at dei har halde rådslag der mellom anna legar, representantar frå eit breitt spekter av helseføretak og organisasjonar deltok. Målet var å innhente informasjon om og diskutere breiddekompetanse innan indremedisin og kirurgi. Arbeidet er deretter følgt opp i arbeidsgrupper og ei referansegruppe det er sikra geografisk spreiing og der både små lokalsjukehus og store universitetssjukehus er representerte. Direktoratet melder at etter at arbeidsgruppene er ferdige med arbeidet, etter planen om våren 2026, vil det vere ein større innspelsrunde før dei endelege analysane blir ferdigstilte.
Direktoratet melder også at dei ikkje har grunnlag for å seie at legar som er utdanna til ein anna indremedisinsk spesialitet enn generell indremedisin, ikkje kan arbeide i vakt på lokalsjukehus. Dei viser også til at den felles indremedisinsk delen for alle medisinske spesialitetar skal gi vaktkompetanse.
I oppdragsdokumenta til dei regionale helseføretaka i 2025 vart det gitt følgjande oppdrag:

«Dei regionale helseføretaka skal leggje til rette for gode karriereløp og tilgang til breiddekompetanse innan indremedisin og kirurgi. Det inneber mellom anna å styrkje spesialistutdanninga med tanke på desse spesialitetane og å vurdere organisering og faginndeling. Dei partane det gjeld, skal involverast i arbeidet…»

Dei regionale helseføretaka melder at dei er i gang med arbeidet, at det er nedsett prosjekt og blir gjort tiltak i dei ulike helseføretaka og helseregionane.
Mi vurdering er at det eit viktig arbeid som er i gang, både i regi av Helsedirektoratet og dei regionale helseføretaka. Det er særleg viktig at ulike sjukehus og legane sjølve er godt involverte i arbeidet for å sikre breiddekompetanse i spesialistutdanninga.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kjersti Toppe →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.