Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2115 · 2025-2026

Kan samferdselsministeren sette opp eit grundig oppsett, som syner kva samferdselsprosjekt som ligg inne i gjeldande NTP frå regjeringa dei 6 fyrste åra i planen og i dei 6 siste åra i planen, for …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. mars 2026. Svaret kom 7. april 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
11. mars 2026
Besvart
7. april 2026

Spørsmål

Kan samferdselsministeren sette opp eit grundig oppsett, som syner kva samferdselsprosjekt som ligg inne i gjeldande NTP frå regjeringa dei 6 fyrste åra i planen og i dei 6 siste åra i planen, for heile Møre og Romsdal og for prosjekt som er i samarbeid med andre fylket, slik som til dømes RV 15 Strynefjellet, og kva planstatus disse ulike prosjekta har?

Begrunnelse

I fleier innlegg for tida vrimlar det med påstandar om ulike samferdselprosjekt i Møre og Romsdal og i regionen, som slett ikkje er i tråd med virkeligheita.
Møreaksen sympatisører snakkar ned det meste av andre prosjekt i sin iver for dette, " tidenes sløseriprosjektet Møreaksen", eit prosjekt som samferdselsministeren også no har tenkt å sløse enda meir av skattebetalarane sine pengar på.
Når ein høyrer på finansminister Stoltenberg, er det åpenbart at Møreaksen del 1 i lang tunell bak Molde og Julsundbrua, til vanvittig mange milliard kr, overhode verken har positiv samfunnsnytte, eller på nokon som helst måte er strekning som er sterkt ulykkesutsatt med mange alvorlige ulykker eller dødsulykker.
Einaste uhellet over Romsdalsfjorden er sikkert nokon som har klamra fingrane i ei bildør på ferja.
Derfor er det nødvendig med ein grundig status for dei prosjekt som er nevnt eller ligg inne i dagens 12 års NTP, og eg tenker då sjølvsagt ikkje på dei som er heilt ute av NTP en eller ligg i den såkalla "avviklingsporteføljen".

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 7. april 2026

Statens vegvesen si planportefølje følgjer av Stortinget si behandling av Nasjonal transportplan 2025–2036. For dei særskilt prioriterte prosjekta gjeld føringa i Nasjonal transportplan 2025–2036 om at dersom prosjekta ikkje blir endra, gjennom optimalisering eller annan ny informasjon, skal dei gjennomførast først.
Prosjekt i Møre og Romsdal i Statens vegvesens planportefølje:

Prosjekt Planstatus Særskilt
prioritert
E39 Bjerkeset–Astad Forslag til reguleringsplan har vært på høyring. X
Rv. 15 Strynefjellet Arbeidet med kommunedelplan er satt i gong. X
E39 Volda–Furene Reguleringsplanen for strekninga er vedtatt.

I Nasjonal transportplan er det prioritert enkelte store prosjekt utanfor Statens vegvesens planportefølje. Eit av disse er prosjektet rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen i Møre og Romsdal. Prosjektet er føresett 100 pst bompengefinansiert som ein del av Bypakke Kristiansund, jf. Prop. 87 S (2024–2025). Førebuande arbeid er sette i gong med sikte på anleggsstart i 2027. Prosjektet er venta opna for trafikk i 2029.
I Nasjonal transportplan er det òg nemnt nokre prosjekt med kostnadsanslag under 1 mrd. kroner som er aktuelle for oppstart i første seksårsperiode. I Møre og Romsdal er E39 Veibustkrysset og to bruer på rv. 70 nemnt. Anleggsarbeida på E39 Veibustkrysset blei sette i gang i november 2025 medan ny Fale bru på rv. 70 i Sunndal kommune er lyst ut i marknaden og det er venta anleggsstart hausten 2026.
Statens vegvesen si gjennomføringsplan er ei konkretisering av korleis etaten vil følgje opp Nasjonal transportplan. Dei har nyleg publisert Gjennomføringsplan 2026–2031, som ligg offentleg på nettstaden deira. I kartløysinga ligg aktuelle tiltak for seksårsperioden. Det er òg mogleg å sortere på fylke.
At eit prosjekt ikkje ligg i gjennomføringsplanen betyr ikkje at det ikkje kan bli aktuelt i løpet av perioden. Prosjekt kan bli billegare eller dyrare, og dei økonomiske rammene er avhengige av dei årlege statsbudsjetta. Det blir derfor understreka at gjennomføringsplanen til Statens vegvesen ikkje er bindande, og at han vil bli oppdatert kvart år.
I porteføljen til Nye Veier ligg deler av strekninga E6/E136 Otta–Dombås–Vestnes i Møre og Romsdal. På strekninga er det inngått vegutbyggingsavtale mellom Samferdselsdepartementet og Nye Veier for framkomsttiltak forbi Veblungsnes og på strekninga Stuguflåten–Raudstøl. Arbeida på tiltaka blei sette i gang hausten 2025. Vidare har forslag til reguleringsplan for strekninga Flatmark–Monge–Marstein vore på høyring, og Nye Veier arbeider no med å vurdere innkomne innspel.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.