Skriftlig spørsmål nr. 2005 · 2025-2026
Kan samferdselsministeren leggje fram kor mange nye millionar av kroner regjeringa har tenkt at Statens vegvesen region midt skal fortsette å sløse vekk på nye utgreiinger av Møreaksen del 1?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 6. mars 2026. Svaret kom 23. mars 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 6. mars 2026
- Besvart
- 23. mars 2026
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram kor mange nye millionar av kroner regjeringa har tenkt at Statens vegvesen region midt skal fortsette å sløse vekk på nye utgreiinger av Møreaksen del 1?
Begrunnelse
Frå før har Statens vegvesen sløsa vekk over ein halv milliard kr på tidenes sløseriprosjekt Møreaksen, som eit stort fleirtal i Møre og Romsdal slett ikkje ønsker.
Folk blir hardt skadd og mistar livet i andre farlige vegstrekninger slik som E-39 Solevågseidet- Blindheim til Moa i Ålesund, den mest trafikkerte vegstrekninga mellom Bergen og Trondheim og av landets mest ulykkesutsatte vegstrekninger, medan regjeringa heller ønsker å fortsette å sløse vekk planleggingsmidlar på Møreaksen.
Når samferdselsministeren stadig vekk gjentar sitt mantra, om å "ta vare på det vi har og bygge nytt der vi må" blir dette nærmest som en dårlig vits, når NTP en til regjeringa faktisk inneholder mange andre vegprosjekt som står i både den fyrste 6 års perioden og Statens vegvesen sin handlingsplan, og i siste 6 års delen av NTP, som IKKJE får planleggingsmidlar og nødvendig framdrift eller blir starta opp utbygging.
Då blir det svært useriøst at samferdselsministeren heller prioriterer og gjev oppdrag til Statens vegvesen å fortsette med pengesløseri på Møreaksen som IKKJE ligg i regjeringa sin NTP 12 årsplan, men i den såkalla "avviklingsporteføljen", som slett ikkje har noko med "å byggje nytt der ein må".
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 23. mars 2026
Planlagt utbygging av E39 mellom Ålesund og Molde (Møreaksen) er delt opp i fleire delstrekningar med ulike planstatus. Konseptval for hovudstrekninga blei gjort i 2014, og inneber tunnelløysingar og hengebru. Prosjektet ligg i Statens vegvesen si utviklingsportefølje, og det er ikkje rom for realisering i tolvårsperioden til NTP 2025–2036. I Nasjonal transportplan varsla regjeringa at vi vil gi Statens vegvesen i oppdrag å vurdere gjennomføringsrekkjefølga for Møreaksens delprosjekt.
Samferdselsdepartementet har difor nett bede Statens vegvesen om å vurdere ein gjennomføringsrekkefølge der E39 Molde–Julbøen og eventuell hengebru mellom Otrøya og Molde prioriterast først, samt sjå på moglegheit for trinnvis utbygging. Vurderingane skal ta omsyn til om gjennomførbarheit, kostnadar og nytte og skal òg sjåast i samanheng med vidare utvikling av ferjetilbodet mellom Vestnes og Molde. Utgreiinga skal stå ferdig i løpet av november 2026, men kostnadar for utgreiinga er enno ikkje vurdert.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.