Skriftlig spørsmål nr. 2004 · 2025-2026
Kan helse og omsorgsministeren forklare om ministeren stiller seg bak slik pengebruk i eit økonomisk kriseramma Helse Møre og Romsdal, og vil ministeren akseptere at slikt som dette som omlag omfattast som pengesløseri, kan gjennomførast utan konsekvensar av leiinga i helseføretaket?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Jan Christian Vestre, 6. mars 2026. Svaret kom 23. mars 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Helse- og omsorgsministeren · Jan Christian Vestre
- Datert
- 6. mars 2026
- Besvart
- 23. mars 2026
Spørsmål
Kan helse og omsorgsministeren forklare om ministeren stiller seg bak slik pengebruk i eit økonomisk kriseramma Helse Møre og Romsdal, og vil ministeren akseptere at slikt som dette som omlag omfattast som pengesløseri, kan gjennomførast utan konsekvensar av leiinga i helseføretaket?
Begrunnelse
Den økonomiske situasjonen i helse Møre og Romsdal er i krise, mildt sagt. Dette er noko statsråden er klar over, utan at dette ser ut til å gjere noko som helst inntrykk. No har leiinga i helseforetaket prestert å gjennomføre ei leiarsamling den 11. og 12. mars til den nette sum av 600 000 kr, som no 5 tillitsvalgte frå overlegeforeninga reagerar sterkt på og sendt brev til leiinga og stilt spørsmål om den økonomiske prioriteringa bak arrangementet.
Dei fem tillitsvalgte viser til at administrasjonen i helseforetaket sjølve har omtalt budsjettåret som det mest krevjande i føretaket si historie med behov for betydelige kostnadsreduksjonar, og at det er varsla reduksjonar tilsvarande ein halv milliard kr.
Dei tillitsvalgte viser vidare til at lønnskostnadane skal ned gjennom mellom anna stillingsreduksjonar, endringar i vaktordningar og redusert innleige.
Likevel prioriterar altså direktøren i Helse Møre og Romsdal heller å reise på hotell i to dagar, med 193 stk., reservere 197 rom til ein sum til angjeveleg 600 000 kr, i eit program som dei tillitsvalgte meiner lett kunne ha vore gjennomført på eit dagsprogram til sjølvsagt heilt andre kostnadar.
Det heile verkar svært umusikalsk sett opp mot at tilsette vil kunne miste jobbane sin, kraftige kutt i drifta generelt som svekkar sjukehusdrifta.
Svar
Helse- og omsorgsministeren Jan Christian Vestre, 23. mars 2026
Regjeringen legger til grunn at alle deler av spesialisthelsetjenesten skal ha en økonomistyring som er forsvarlig, og at ressursbruken skal være nøktern og hensiktsmessig for å ivareta helseforetakenes hovedoppgaver. I en slik situasjon som man har i Helse Møre og Romsdal HF, hvor det er behov for betydelige kostnadsreduksjoner, må alle utgifter, også knyttet til administrasjon og interne samlinger, vurderes kritisk og med tydelig krav til nytte, moderasjon og kostnadseffektiv gjennomføring. Samtidig er det viktig å understreke at det er styret og den daglige ledelsen i helseforetaket, innenfor rammene fastsatt av det regionale helseforetaket, som har ansvar for den løpende driften og de konkrete prioriteringene, herunder beslutninger om interne ledersamlinger og hvordan de skal gjennomføres.
Helse Midt-Norge RHF har videreformidlet følgende uttalelse fra administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal HF:
Vi i HMR skal effektivisere og omstille drifta, redusere kostnader og endre arbeidsmåtar samstundes som vi skal levere behandling av høg kvalitet og tilby eit trygt arbeidsmiljø. Vi er over 6 000 tilsette i Helse Møre og Romsdal og er fylket sin største arbeidsgivar. Dette er ein kompleks og krevjande kompetanseorganisasjon å leie på alle fire leiarnivå.
I denne situasjonen er vi heilt avhengige av at leiarane våre lukkast. Når eit helseføretak skal inn i omfattande omstilling, er kvaliteten og samordninga i leiinga avgjerande for om vi lukkast. Det er difor viktig for meg å samle leiarane våre til ein arena der det er tid og rom for kunnskapsdeling, forventningsavklaring og refleksjon om dei utfordringane vi står i.
Det er om lag 170 seksjonsleiarar i HMR geografisk spredd over heile fylket. Dei treng råd og retning, støtte og anerkjenning for arbeidet dei gjer kvar dag. Mange av dei er relativt nye i leiarrolla og står midt i krevjande oppgåver knytt til drift, omstilling og medarbeidaroppfølging.
Programmet for samlinga i Geiranger er omfattande og kan ikkje gjennomførast innanfor ramma av ein dag. Samlinga er lagt opp som ein arbeidsarena med tid og rom for dialog, refleksjon og konkrete arbeidsøkter knytt til omstilling, sjukefråvær, ressursbruk og prioriteringar. Leiarane skal arbeide saman om dei faktiske utfordringane vi står i no og dele erfaringar frå dei av leiarane som lukkast.
Det er også ein viktig gevinst at leiarar frå alle sjukehusa i føretaket får høve til å møtast på tvers av klinikkar og fagmiljø. Slike møteplassar styrkjer samordninga i leiinga og gjer det lettare å gjennomføre nødvendige endringar i ein stor og geografisk spreidd organisasjon.
Eg er sjølvsagt merksam på at prioriteringar i ein vanskeleg økonomisk situasjon kan bli lagt merke til og diskutert. Samstundes meiner eg at nettopp i ei tid med stor uro og krevjande omstilling er det avgjerande at leiinga i føretaket arbeider tett saman om oppdraget vi har fått.
Føretakstillitsvalde og hovudverneombod var også inviterte til å delta i samlinga - og dei fleste av representantane deltok.
Det vart innhenta pristilbod frå fleire, og med bakgrunn i at vi ville samlast over to dagar, var Union Geiranger blant dei rimelegaste. Kostnadsnivået ligg innanfor ordinære rammer for tilsvarande faglege samlingar i offentleg sektor.
Evalueringa etter samlinga som er sendt ut i eit Forms-skjema til deltakarane, viste svært høg tilfredsheit både på fagleg innhald og at samlinga gjekk over to dagar. Samlinga får ein score på 4,2 av 5 - og kun 9 % av respondentane i undersøkinga ønsker leiarsamling over ein dag.
Eg meiner samlinga er eit nødvendig bidrag for å styrkje leiinga si evne til å gjennomføre den omstillinga føretaket no står i.
Jeg vil avslutningsvis understreke at Helse- og omsorgsdepartementet følger den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal HF nøye, gjennom vår eieroppfølging av Helse Midt Norge RHF. Det innebærer blant annet forventninger om at foretaksledelsen prioriterer tiltak som gir varige forbedringer, og at det utvises nøkternhet i bruk av midler som ikke direkte går til pasientbehandling.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.