Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1894 · 2025-2026

Vil samferdselsministeren ta initiativ for opprettelse av eit nytt ferjesamband mellom Hitra og Aure, og støtte ein søknad om dette dersom dei to fylka Møre og Romsdal og Trøndelag søker om dette?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 3. mars 2026. Svaret kom 16. mars 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
3. mars 2026
Besvart
16. mars 2026

Spørsmål

Vil samferdselsministeren ta initiativ for opprettelse av eit nytt ferjesamband mellom Hitra og Aure, og støtte ein søknad om dette dersom dei to fylka Møre og Romsdal og Trøndelag søker om dette?

Begrunnelse

Det har lenge vore arbeidd med nytt ferjesamband mellom Hitra i Trøndelag og Aure i Møre og Romsdal.
Pr. i dag er det kun eit fastlandssamband frå Frøya og Hitra til fastlandet , som beredskapsmessig er svært sårbart. Dagleg går minst 100 vogntog med laks gjennom dette sambandet, og ved ei ulykke eller anna hendelser der som stenger tunellen er dette svært alvorlig, sjølvsagt også beredskapsmessig.
Der går også mykje næringstrafikk frå Hitra og sørover til Møre, som i dag må gjennomføre ei stor omkjøring, som både tar tid og er kostbart på relativt smale og krevjande vegar.
Eit nytt ferjesamband mellom Hitra og Aure vil vere svært viktig beredskapsmessig og samtidig kraftig næringsnyttig og med sterk samfunnsnytten.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 16. mars 2026

Fylkeskommunane er sjølvstendige folkevalde og sjølvstyrte organar. Det er difor fylkeskommunane Møre og Romsdal og Trøndelag som sjølve må vurdere om det skal opprettast eit nytt fylkeskommunalt ferjesamband mellom Aure og Hitra. Som også nemnd i mitt svar på spørsmål nr 96 frå oktober 2025 bør eit eventuelt nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra handsamast etter dei gjeldande reglane for ferjesamband i inntektssystemet. Krava for å telle med i inntektssystemet er omtala i Prop. 1 S (2017-2018) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.