Skriftlig spørsmål nr. 1605 · 2025-2026
Kan statsråden kome med ei detaljert oversikt over kostnadane og finansieringa av Hardangerbrua, samt kva føresetnadar som vart lagt til grunn på finansieringstidspunktet (til dømes rente, trafikkutvikling) og om desse føresetnadane har vist seg å vere korrekte?
Ove Trellevik (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 15. februar 2026. Svaret kom 23. februar 2026.
- Fra
- Ove Trellevik (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 15. februar 2026
- Besvart
- 23. februar 2026
Spørsmål
Kan statsråden kome med ei detaljert oversikt over kostnadane og finansieringa av Hardangerbrua, samt kva føresetnadar som vart lagt til grunn på finansieringstidspunktet (til dømes rente, trafikkutvikling) og om desse føresetnadane har vist seg å vere korrekte?
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 23. februar 2026
Bygging av Hardangerbrua vart stadfesta i St.prp. nr. 2 2005/2006. Initiativtakar overfor Statens vegvesen var fylkestinget i Hordaland som bad vegvesenet oppdatere eksisterande planar for ei brukryssing. Dette vart omtalt i St.prp. nr. 1 2001-2002 og seinare lagt inn i Nasjonal transportplan for perioden 2006-2015.
Da Samferdselsdepartementet la fram St.prp. nr. 2 var det med ei styringsramme på 1810 mill. 2005-kr og ei kostnadsramme på 2 040 mill. 2005-kr. Den samfunnsøkonomiske nytta, med ei rente på 8 prosent, var på minus 1,2 mrd.kr. Netto nytte i forhold til totale kostnadar var på minus 0,5 med internrente på 4 prosent.
Ut frå ei styringsramme på 1 810 mill. 2005-kr vart det lagt til finansieringskostnadar på 400 mill. kr slik at samla finansieringsbehov vart sett til 2 210 mill. 2005-kr. Vidare vart det lagt til grunn ei lånerente på 5,45 prosent, årleg prisstiging på 2 prosent.
I sluttoppgjeret for Hardangerbrua frå 2017 ble den samla investeringskostnad på 2 832 mill. 2017-kr. Finansieringsplanen viser 1 614 mill. kr bompengar, 781 mill. kr lokale tilskot, 96 mill. kr i ferjetilskot og 342 mill. kr i statlege midlar inkl. mva-kompensasjon. Det er lagt til grunn at Hardangerbrua er planlagd nedbetalt i 2028.
Etter ekstern kvalitetssikring blei det tilrådd å leggje til grunn ei årsdøgntrafikk for Hardangerbrua på 2 000 køyretøy i årsskiftet 2011/2012. I opningsåret 2013 var ÅDT lægre enn rekna, med ein ÅDT på 1 579. Men trafikkveksten etter dette har vore høgare enn prognosane som låg til grunn i proposisjonen. Faktisk trafikkvekst frå 2013 til og med 2025 er på 4,45 % pr. år. ÅDT i 2025 var på 2 665 køyretøy/døgn.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ove Trellevik →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.