Skriftlig spørsmål nr. 1621 · 2025-2026
Kan samferdselsministeren leggje fram kva planar Statens vegvesen har for døgnkvileplassar på dei to omtalte strekningane?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 10. februar 2026. Svaret kom 23. februar 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 10. februar 2026
- Besvart
- 23. februar 2026
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram kva planar Statens vegvesen har for døgnkvileplassar på dei to omtalte strekningane?
Begrunnelse
Ifølge oversikt til Statens vegvesen er der ingen døgnkvileplassar på strekninga E-136 frå Ålesund til Dombås og på strekninga E-39 frå Sjøholt til Trondheim.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 23. februar 2026
I tråd med regjeringa sine prioriteringar i Nasjonal transportplan 2025–2036 arbeider Statens vegvesen med å utvikle eit godt døgnkviletilbod og minst 80 døgnkvileplassar langs riksvegnettet innan 2030.
Statens vegvesen si gjennomføringsplan 2025–2030 er ei konkretisering av korleis etaten vil følgje opp NTP i den første seksårsperioden. Gjennomføringsplanen følgjer opp dei transportpolitiske måla og er basert på dei økonomiske rammene som ligg til grunn for NTP. Planen er offentleg: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/nasjonal-transportplan/gjennomforingsplan-20252030/
På E39 Sjøholt–Trondheim er det i gjennomføringsplanen lagt opp til to nye døgnkvileplassar på strekninga, ved Molde og ved Stormyra i Heim kommune. Det går føre seg arbeid for å sikre vidare døgnkviletilbod ved Klett på E6/E39 i Trondheim. Det er òg oppstillingsplassar for tunge køyretøy med heilårsopent servicetilbod på to rasteplassar langs strekninga.
På E136 Ålesund–Dombås er det døgnkvileplass ved Digernes næringspark på E39 i Ålesund kommune. Det finst oppstillingsplassar for tunge køyretøy med heilårsopent servicetilbod på Ørskogfjellet i Vestnes kommune, Trollveggen i Rauma kommune og Lora i Lesja kommune, samt døgnkvileplass på Bekkemoen på E6 sør for Dombås.
Eg er kjend med at moglegheitene for døgnkvileplass både ved Åndalsnes på E136 og ved Dombås på E6/E136 er nemnde i dialog mellom Statens vegvesen og Nye Veier. Nye Veier tek over ansvaret for drift og vedlikehald av strekninga E136 Vestnes–Dombås frå hausten 2028.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.