Skriftlig spørsmål nr. 1542 · 2025-2026
Har samferdselsministeren gjort noko for å sørge for vinteråpne toalettforholda på strekninga rv. 15 frå Stryn til Otta?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 10. februar 2026. Svaret kom 18. februar 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 10. februar 2026
- Besvart
- 18. februar 2026
Spørsmål
Har samferdselsministeren gjort noko for å sørge for vinteråpne toalettforholda på strekninga rv. 15 frå Stryn til Otta?
Begrunnelse
I tidligare spørsmål har eg tatt opp med samferdselsministeren forholdet ikring manglande vinteråpne rasteplassar med toalett på strekninga rv. 15 frå Stryn over Strynefjellet og til Otta.
Det er store problem for dei reisande og næringslivet spesielt når bensinstasjoner eller andre som har mulige toalett tilbod er stengt om kveld/natt og ellers også generelt vinterstengt.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 18. februar 2026
På strekninga rv. 15 frå Stryn til Otta har Statens vegvesen sidan førre spørsmål til skriftlig besvarelse om temaet (dokument nr. 15:427 (2024-2025)) vidareført dei etablerte løysingane for å sikre tilgang til toalett for trafikantane gjennom heile året. Det føreligg per no ikkje nye tiltak eller endringar i desse tilboda.
Vest for Strynefjellet har Statens vegvesen ein avtale med Stiftinga Jostedalsbreen Nasjonalparksenter om drift av toalett i Oppstryn. Toaletta er tilgjengelege for publikum heile døgnet i perioden 1. mai–30. september, som er perioden med størst trafikk.
Vidare har Statens vegvesen gitt tilskot til bygginga av toalett ved Grotli Høgfjellshotell og betaler årleg for drift av anlegget. Dette toalettet er ope heile året, døgnopent.
I Vågå sentrum har Statens vegvesen ein avtale med YX Vågå som omfattar toalettfasilitetar. Tilbodet er døgnopent gjennom heile året. Det same gjeld rasteplassen om lag 10 kilometer sør for Vågå sentrum, som Statens vegvesen driftar sjølv, og som òg er open heile døgnet heile året.
I tillegg etablerte Statens vegvesen i 2023 eit nytt toalettbygg ved Billingen nord i Skjåk. Dette er plassert ved bommen som vert nytta ved stenging og kolonnekøyring, og er eit heilårstilbod. Dette anlegget er framleis i drift og fungerer som planlagt.
Når det gjeld tilgjenge til oppdatert informasjon for trafikantane, har Statens vegvesen i 2025 oppgradert Vegvesen Trafikk appen med ei ny funksjon som viser om toalettanlegg på rasteplassar er vinterstengde eller vinteropne. Dette er ei nasjonal teneste og ikkje særskilt retta mot rv. 15, men den gjer det enklare for trafikantane å orientere seg om tilbodet.
Eg kan slå fast at dei eksisterande heilårstilboda på rv. 15 framleis er i drift, men har ikkje kome nye toalettløysingar eller vore endringar i driftsavtalane sidan førre oppdatering.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.