Skriftlig spørsmål nr. 1342 · 2025-2026
Vil samferdselministeren prioitere nødvendige løyvingar til Statens vegvesen region midt for snarleg planlegging og utbygging av nye ferjekaier på Molde og på Furneset som holder nødvendig framdriftsplan, samt generelt styrke ferjefinansieringa for ferjedrifta i regionen?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 28. januar 2026. Svaret kom 4. februar 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 28. januar 2026
- Besvart
- 4. februar 2026
Spørsmål
Vil samferdselministeren prioitere nødvendige løyvingar til Statens vegvesen region midt for snarleg planlegging og utbygging av nye ferjekaier på Molde og på Furneset som holder nødvendig framdriftsplan, samt generelt styrke ferjefinansieringa for ferjedrifta i regionen?
Begrunnelse
Det er ifølge Statens vegvesen region midt eit stort behov for å svært raskt kunne etablere nye ferjekaier på Molde sida og på Furneset i Vestnes. Anlegget med nye ferjekaier må stå klart innan få år og max etter 4-5 år fram i tid, er konklusjonen frå statens vegvesen, pga. aukande trafikk. Dette sambandet vil med auka frekvens og kapasitet også medføre følgekonsekvenser for andre større ferjesamband i regionen, både på riks og fylkesvegsamband som korresponderer med dette sambandet. Som igjen vil medføre behov for auka løyvingar til ferjedrifta både til riks og fylkesvegferjene.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 4. februar 2026
Ferjene er ein viktig del av vegnettet og ein sentral del av det norske transportsystemet langs kysten og for øysamfunn.
I statsbudsjettet for 2026 er det lagt til grunn ei vidareføring av rutetilbodet i riksvegferjedrifta, med enkelte justeringar i kapasiteten. Totalt er det løyvd om lag 3,9 mrd. kroner i tilskot til riksvegferjedrifta i 2026, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Samferdselsdepartementet.
I riksvegferjedrifta blir det lagt vekt på å sikre eit stabilt og føreseieleg ferjetilbod, samstundes som det blir arbeidd med å redusere utslepp frå ferjedrifta. Eventuelle auke i finansieringa må vurderast gjennom dei ordinære budsjettprosessane og prioriteringane i Nasjonal transportplan.
Dagens kontrakt for sambandet E39 Molde–Vestnes gjeld fram til og med 2028, med mogleg opsjon fram til 2031. Spørsmål om kapasitet på sambandet vil bli vurdert i samband med utlysing av ny kontraktsperiode. Statens vegvesen er i gang med regulering av ny ferjekai på Furnes og med grunnlag for tilpassingar av kaianlegga i Molde. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med nytt anbod for sambandet E39 Molde–Vestnes.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.