Skriftlig spørsmål nr. 1328 · 2025-2026
Kan jeg be om om ein tabell som viser talet på ulike fartsgrenser og kor mange kilometer for kvar av fartsgrensene på strekningane?
Trond Helleland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 27. januar 2026. Svaret kom 3. februar 2026.
- Fra
- Trond Helleland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 27. januar 2026
- Besvart
- 3. februar 2026
Spørsmål
Kan jeg be om om ein tabell som viser talet på ulike fartsgrenser og kor mange kilometer for kvar av fartsgrensene på strekningane?
Begrunnelse
Bergen-Oslo Via E16/Rv7
Bergen-Oslo Via E16/Rv52/Rv7
Bergen-Oslo Via E16
Haugesund-Oslo Via E134
Førde-Oslo via Rv5/Rv52/Rv7
Førde-Oslo via Rv5/E16
Stryn-Oslo via Rv15/E6
Ålesund-Oslo via E136/E6
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 3. februar 2026
Statens vegvesen har henta rutevala gjennom sin eigen ruteplanleggar Vegvesen trafikk | Trafikkmeldinger, webkamera og ruteplanlegger. Data kjem direkte frå Nasjonal vegdatabank (NVDB).
Det er utført analysar for strekningane basert på geografiske punkt for kvar start- og sluttlokasjon. Til dømes har Oslo eit geografisk punkt ved Oslo domkyrkje og Førde hamnar rett ved Jølstraelva.
For å kunne lage ei komplett rute, må andre veger enn dei som er konkretisert i spørsmålet også bli inkludert. Dei ulike vegane som er inkludert er spesifisert i eigen kolonne i tabellen.
Enkelte vegar skifter nummer når ein kjem frå hovudvegen og inn til sentrumsområde. Til dømes i Bergen, startar ein på E16 med 30 km/t, deretter frå Bystasjonen med 50 km/t og så inn på rampa til E39 med 60 km/t før ein køyrer utanfor Bergen med retning nord og 80 km/t. Etter om lag 12 km vil ein da kome inn på E16 og første til avkøyring på Rv13 før ein treffer Rv7. Det same gjeld når ein avsluttar E16 inn mot Oslo, der siste strekning vil være på E18.
Med dette som bakgrunn har Statens vegvesen laga følgjande oversikt over kilometer med dei ulike fartsgrensene på dei ulike rutene. Total lengde på ruta står i siste kolonne.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Trond Helleland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.