Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Interpellasjon nr. 15 · 2025-2026

om kva regjeringa gjer for å betre førebygging og behandling ved anoreksi og andre spiseforstyrringar.

Kjersti Toppe (Sp) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Jan Christian Vestre, 26. januar 2026.

Til
Helse- og omsorgsministeren · Jan Christian Vestre
Datert
26. januar 2026
Besvart
24. februar 2026

Helsevesen · Sykdommer · Psykisk helse

Spørsmål

Anoreksi er ein alvorleg medisinsk tilstand som kan skade helsa og setje liv i fare. I media har det den siste tida komme fram kritikk mot den hjelpa unge med anoreksi får i Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. NRK fortel 26. januar historia om ei jente der foreldra skildrar det som hender «som å sjå eit sjølvmord i sakte film». Foreldra må kjempe for dottera si for at ho skal få hjelp, og dei meiner at helsevesenet ikkje gir den hjelpa som trengst for at dottera skal bli frisk. Dei er frustrerte over eit helsevesen der dei ulike instansane ikkje snakkar saman, og som ikkje har nok kompetanse og ressursar til å hjelpe dottera. Foreldra etterlyser også ein heilskapleg plan for behandlinga. I andre medieoppslag har også andre foreldre stått fram og kritisert at veldig mykje ansvar vert lagt på foreldra ved anoreksi hos barn.
Kva gjer regjeringa for å betre førebygging og behandling ved anoreksi og andre spiseforstyrringar?

Interpellasjoner besvares i en debatt i Stortinget. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kjersti Toppe →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.