Skriftlig spørsmål nr. 1258 · 2025-2026
Kan samferdselsministeren leggje fram status og framdrift på dei samferdselsprosjekt som Statens vegvesen har ansvaret for i Møre og Romsdal, ryddig og skjematisk satt opp fordelt pr prosjekt, med status, prioritet, framdriftsplan, økonomiske grunnlag og løyvingar?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 22. januar 2026. Svaret kom 28. januar 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 22. januar 2026
- Besvart
- 28. januar 2026
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram status og framdrift på dei samferdselsprosjekt som Statens vegvesen har ansvaret for i Møre og Romsdal, ryddig og skjematisk satt opp fordelt pr prosjekt, med status, prioritet, framdriftsplan, økonomiske grunnlag og løyvingar?
Begrunnelse
Det blir referert frå møter mellom kommuner og Statens vegvesen, at det blir uttalt frå representant for Statens vegvesen at, det er ikkje rart det er lite vegbygging i regionen, når vi har politikarar som motarbeider vegbygging.
Det vedkommande heller burde sagt, er at Statens vegvesen region midt ikkje har gjennomført det politikarane faktisk har prioritert i Møre og Romsdal i svært mange tiår, og at det blir ikkje mykje vegbygging når vi har eit Statens vegvesen som ikkje følger politiske prioriteringar.
I NTP etter NTP i mange tiår, har absolutt alt av folkevalgte organ med politikarar i kommunestyrer, fylkesting og på Stortinget prioritert som nr 1 fullverdig planlegging, og utbygging av heile E-136 frå Ålesund til Bjorli.
Dette er fylkets viktigaste veg og den viktigaste eksportvegen.
Dette har grundig blitt motarbeidd av Statens vegvesen i regionen i årevis ved å flytte planleggingsmidlane frå E-136, som av absolutt alle kommunar, fylkesting, LO, NHO osv. har vore prioritert som prosjekt nr. 1 her i fylket, til Møreaksen som har sløsa vekk over ein halv milliard kr på eit vanvittig sløseriprosjekt til mange totals milliard kr som heldigvis aldri blir bygd.
Hadde Statens vegvesen latt være å sjå på seg sjølve som politikarar som egentlig vil bestemme, så hadde heile E-136 frå Ålesund til Bjorli vore ferdig utbedra og bygd for lengst.
Regjering av ulike fargar, har sjølvsagt ikkje løyva midlar til denne vegstrekninga, rett og slett med bakgrunn i manglande planlegging.
I staden har Nye veier as vorte nøydd til å ta over frå Statens vegvesen E-136 frå Åndalsnes til Bjorli, der Statens vegvesen verkeleg har fortjent å miste ansvaret for denne vegstrekninga.
Nye veier as har bevist at dei på få år har sett igang fleire prosjekt på strekninga E-136, og dei har levert der Statens vegvesen har svikta.
No står det igjen å fjerne ansvaret frå Statens vegvesen for E-136 frå Ålesund til Vestnes, og få dette også over til Nye veier as så raskt som råd.
Spenninga som er i vår region no, er om Statens vegvesen verkeleg ynskjer å bygge ein meter veg i vår region, og mange er bekymra for at prosjekt slik som E-39 forbi Batnfjorden, RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og Voldatunellen osv. ikkje får nødvendig drahjelp frå Statens vegvesen i regionen.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 28. januar 2026
Nedanfor følger ei tabelloversikt over prosjekt i Møre og Romsdal som Statens vegvesen har ansvar for. Tabellen omfattar tiltak med forventa kostnad over 10 mill. kroner som er sette i gang, eller som er aktuelle for gjennomføring i 2026. Oversikta inneheld òg status for prosjekt i Statens vegvesen si planportefølje i Nasjonal transportplan 2025–2036. Oversikta omfattar ikkje prosjekt som er opna for trafikk.
For prosjekt med forventa kostnad over 1 mrd. kroner er styringsramme (P50) oppgjeven. For dei andre prosjekta er det oppgjeve kostnadsprognose. For prosjekt som enno ikkje er lyste ut, er vurderingane frå Statens vegvesen per 27. januar 2025 lagde til grunn for status. Tala er oppgjevne i mill. 2026-kroner.
Prosjekt Status Framdriftsplan Kostnadsoverslag
E39 Bjerkeset–Astad Prognose tilsier vedtak reguleringsplan 2026 Prioritert som nr. 9 i Statens vegvesens porteføljeprioritering av mai 2025 1 937
E39 Volda–Furene Vedtatt reguleringsplan 2023 Prioritert som nr. 22 i Statens vegvesens porteføljeprioritering av mai 2025 2 258
Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger Arbeid med kommunedelplan er igangsatt Prioritert som nr. 11 i Statens vegvesens porteføljeprioritering av mai 2025 6 001
Rv. 70 Fale bru Forventes lyst ut våren 2026 Anslått byggetid 1–1,5 år 329
E39 Veibustkrysset Bygging pågår Prognose for trafikkåpning er sommeren 2027 169
E39 Breivika–Lerstad Bygging pågår Prognose for trafikkåpning er september 2027 2 785
Rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen Forventes lyst ut ved årsskiftet 2026/2027 Anslått byggetid 2–3 år 1 251
Rv. 70 Trollsvingen/Røsslyngvegen og kollektivfelt Goma–Atlanten Lyses ut våren 2026 Trafikkåpning høsten 2027 186
Rv. 70 Freifjordtunnelen, tiltak tunnelsikkerhetsforskriften Kunngjøres januar 2026 Forventet trafikkåpning i løpet av 2026 35
E136 Tresfjordbrua–Vågstrandtunnelen, utbedring og trafikksikkerhetstiltak Byggestart er ventet våren 2026 Forventet trafikkåpning i løpet av 2026 43
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.