Skriftlig spørsmål nr. 1178 · 2025-2026
Kan statsråden sei noko om lovligheten å sette opp bomstasjoner på stader der nye vegar ikkje kjem, men der trafikken er stor?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 18. januar 2026. Svaret kom 23. januar 2026.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 18. januar 2026
- Besvart
- 23. januar 2026
Spørsmål
Kan statsråden sei noko om lovligheten å sette opp bomstasjoner på stader der nye vegar ikkje kjem, men der trafikken er stor?
Begrunnelse
På Osterøy er det lokal diskusjon om en lokal bompengepakke. Øya har allerede hatt fleire bompengeprosjekt som er nedbetalt. Men det diskuteres å sette opp framtidige bomstasjoner ved brua og også langs allerede nedbetalte vegproskekt fordi trafikken det er styrst. Osterøy FrP reagerer på dette og ber meg ta det opp med statsråden om det er lovleg å sette opp bommar ved nedbetalte prosjekt der heller ikkje i ein ny pakke kjem vegprosjekt.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 23. januar 2026
Rettsleg grunnlag for innkrevjing av bompengar følgjer av veglova § 27. Der framgår det at Samferdselsdepartementet med samtykke frå Stortinget kan fastsetje at det skal krevjast bompengar på offentleg veg, fastsetje storleiken på avgiftene og setje vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane. På dette grunnlaget er det fastsett eit meir detaljert regelverk og føringar med prosessuelle krav til gjennomføring og innretning av bompengeordningar som skal følgjast opp i førebuing av nye saker.
På generelt grunnlag vil eg vise til at bompengeinnkrevjing, inkl. bompengepakker, vert realisert etter initiativ frå lokale styresmakter og førebudd i tråd med retningslinjene for bompengefinansiering. Mellom anna skal både prosjektportefølje og innkrevjingsopplegg vurderast geografisk i forhold til nytteprinsippet for betaling av bompengar.
Det er fleire eksempel på bompengepakker der innkrevjinga ikkje nødvendigvis er direkte lokalisert ved tiltaka/prosjekta. Det kan vere at innkrevjingssystemet utgjer ein tett ring rundt tiltaka, eller som i Kvinnheradpakken, at innkrevjinga skjer på ferjestrekningar. Elles skal bompengepakker også ha prosjekt som kan starte opp så snart Stortinget har vedtatt ein proposisjon om pakken.
Eg er kjend med at lokale styresmakter har starta opp eit arbeid med å vurdere løysingar for utvikling av vegnettet på Osterøy. Dette arbeidet er i ein tidleg fase, og eg får opplyst at det ikkje ligg føre avklart opplegg for ei eventuell bompengepakke og heller ikkje reguleringsplan for eit mogleg oppstartsprosjekt. Ei eventuell sak ligg difor fram i tid.
Samferdselsdepartementet har av den grunn ikkje noko grunnlag for konkret å vurdere eit eventuelt bompengeopplegg på Osterøy no. Eg vil ta stilling til ei eventuell sak når den lokalpolitiske handsaminga er over og det ligg føre bompengesøknad frå Vestland fylkeskommune.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.