Skriftlig spørsmål nr. 1050 · 2025-2026
Kan samferdselsministeren leggje fram dokumenterbar påstått effekt av dei kraftige aukane av bøtesatsane som regjeringa har innført, med tanke på om dette har medvirka til reduserte ulykker, redusert antall drepte og hardt skadde i trafikken?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 7. januar 2026. Svaret kom 15. januar 2026.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 7. januar 2026
- Besvart
- 15. januar 2026
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram dokumenterbar påstått effekt av dei kraftige aukane av bøtesatsane som regjeringa har innført, med tanke på om dette har medvirka til reduserte ulykker, redusert antall drepte og hardt skadde i trafikken?
Begrunnelse
Dagens regjering ved samferdselsministeren har auka bøtesatsene betydeleg for bilbruk, sjølv om både politiet og andre har advart mot dette og påpeika at dette ikkje vil ha betydning for antall ulykker i trafikken slik ministeren hevdar.
I tillegg ynskjer tydeligvis samferdselsministeren å teppelegg landet med ATK anlegg, samt stenge vegar, stenge kollektivfelt, og tydelegvis forsøke å gjere kvardagen til bilistane verst mulig.
Rapporten frå 2025 viser ein auke av antall drepte og hardt skadde i trafikken, der sjølvsagt også vegens beskaffenhet, manglande vegvedlikehold, skadar i vegbana, osv har medvirkende årsaker til mange av disse ulykkene.
"Pisken" til samferdselsministeren hjelper såleis lite, men er nok heller eit forsøk på å maskere regjeringa sin totalt manglende satsing på trafikktrygging, bygging av nye veier og har heller brukt samferdselsområdet som salderingspost for dyre, og dårlige klima og miljø symbolpolitiske saker.
Samferdselmninsteren hevdar også i alle debattar ikring dette, at det hovedsakelig "kun" er sjåføren som er grunnlag for ulykkene.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 15. januar 2026
Dei siste åra har bøtesatsane for forenkla førelegg i vegtrafikksaker vore auka i samsvar med utviklinga av konsumprisindeksen, for å oppretthalde bøtenes preventive effekt. Satsane har tidlegare blitt auka både under Solberg-regjeringa og nåverande regjering.
Berre ein gong dei siste åra – i 2023 – vart satsane auka ut over konsumprisindeksen. Bakgrunnen var mellom anna den sterke auken i talet på trafikkdrepne i 2022. Solberg-regjeringa hadde ei kraftig auke i 2017.
Vala som trafikantane tek er avgjerande for trafikktryggleiken til alle som bruker vegane, og førarfeil er årsak til særs mange av dei mest alvorlege trafikkulukkene. Fartsbrot, manglande merksemd og risikoåtferd drep og skadar særs mange menneske årleg. Dette er tragisk og heilt unødvendig. Kontroll, handheving og straffereaksjonar skal bidra til å redusere omfanget av slik uønskt åtferd.
Ein TØI-rapport frå 2016 peikar mellom anna på at auka bøtesatsar gir ein reduksjon i dødsulykker og i det samla talet på ulykker.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.