Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 826 · 2025-2026

Kan eg be om ei oversikt over proveny frå piggdekkgebyr i Oslo, Bergen og Trondheim, samt kva ordninga kostar i administrasjon og kontroll?

Trond Helleland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 16. desember 2025. Svaret kom 6. januar 2026.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
16. desember 2025
Besvart
6. januar 2026

Spørsmål

Kan eg be om ei oversikt over proveny frå piggdekkgebyr i Oslo, Bergen og Trondheim, samt kva ordninga kostar i administrasjon og kontroll?

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 6. januar 2026

Piggdekkgebyret er eit viktig verkemiddel for å redusere svevestøv og helserisiko, og det støttar opp under prinsippet om at den som forureinar er den som betaler.
Det er kommunane som har ansvar for ev. å etablere ei ordning med piggdekkgebyr etter forskrift av 7. mai 1999 nr. 437 om gebyr for bruk av piggdekk og tilleggsgebyr (piggdekkgebyrforskrifta).
Statens vegvesen har innhenta tal frå Oslo, Bergen og Trondheim kommune som opplyser at tala frå 2024 viser følgjande:
Inntekter frå piggdekkgebyr: Om lag 16 mill. kroner i Bergen, 32 mill. kroner i Trondheim og 39 mill. kroner i Oslo.
Tilleggsgebyr: Til dømes var inntektene frå slike saker i Trondheim i 2024 om lag 3,5 mill. kroner.
Utgifter: Leige og drift av betalingsautomatar, skilting og opp- og nedrigging av automatar ligg på om lag 0,5 mill. kroner i Oslo, Bergen og Trondheim i 2024.
Oslo kommune rapporterer å ha samla utgifter på om lag 3,8 mill. kroner. I denne summen inkluderast også interne kostnader som lønnskostnader for forvaltning av ordninga, støttefunksjonar, samt drift og vedlikehald av salsportalen «piggav.no».

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Trond Helleland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.