Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 797 · 2025-2026

Kva konkrete grep vil statsråden ta for å beskytte norsk laks sin posisjon som eit kvalitetsprodukt på den internasjonale marknaden, og vil statsråden no ta konkrete grep for å håndtere problemstillinga?

Stig Even Lillestøl (FrP) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 14. desember 2025. Svaret kom 22. desember 2025.

Til
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
14. desember 2025
Besvart
22. desember 2025

Spørsmål

Kva konkrete grep vil statsråden ta for å beskytte norsk laks sin posisjon som eit kvalitetsprodukt på den internasjonale marknaden, og vil statsråden no ta konkrete grep for å håndtere problemstillinga?

Begrunnelse

I Brennpunkt-dokumentarserien «Lakselandet» som NRK publiserte i november, ble det kastet lys på bruk av falske etiketter fra etablerte norske selskap, noe som svekker tilliten til sjømatnæringen og skader omdømmet til norsk laks. Sjømat Norge mener kontroll av laksen skjer for sjeldent, at risikoen for å bli tatt er lav, og at reaksjonene er milde. Fiskeri- og havministeren meldte på Facebook i november at ho kalla inn næringsorganisasjonene til et møte i lys av Brennpunkt-dokumentaren.

Svar

Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 22. desember 2025

Det viktigaste vi kan gjere for å løyse utfordringane med produksjonsfisk er betre fiskehelse og dyrevelferd i produksjonen, som igjen gjev mindre produksjonsfisk på marknaden. Dette er eit langsiktig og prioritert mål.
Regjeringa har det siste året lagt fram ny dyrevelferds- og havbrukspolitikk, gjennom havbruksmeldinga og dyrevelferdsmeldinga. Politikken har brei tilslutning på Stortinget, og skal bidra til å få fiskevelferda opp og talet på døde fisk ned.
Det er viktig at næringsaktørane følgjer gjeldande regelverk. Det er alvorleg at enkeltaktørar vel å bryte regelverket, og derfor ser eg samstundes på kva grep som må gjerast for å sikre eit effektivt regelverk. Det skal vere lønnsamt å følgje regelverket, ikkje bryte det.
Eg har god kontakt med Mattilsynet både om bruk av verkemiddel og oppfølging av fiskekvalitetsregelverket. Mattilsynet følgjer no saka opp gjennom å styrkje arbeidet med å avdekke lovbrot i verdikjeda, medrekna korleis tilsyn og kontroll kan gjerast meir målretta. Eit tett samarbeid med andre etatar som Tolletaten og Økokrim er også naudsynt. Uansett skal alvorlege tilfelle av lovbrot bli melde til politiet – slik som i dag. Dette er viktig for å sikre at reglane vert følgde og at ein opprettheld tilliten til matforvaltninga.
Når det gjeld andre verkemiddel, til dømes nye gebyr for regelbrot, har vi fått innspel frå Mattilsynet. Eventuell bruk av lovbrotsgebyr etter matlova må vi drøfte med dei andre ansvarlege departementa – Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.
Eg har vore tydeleg om at vi skal vurdere det norske kvalitetsregelverket; eg har òg vore tydeleg om at næringa sjølv må ta eit større ansvar. Det er næringsaktørane, eine og aleine, som er ansvarlege for at gjeldande regelverk følgjes. Det er næringsaktørane som må stå til rette for at dei følgjer gjeldande regler og at fisken held den kvaliteten som kundane etterspør og forbrukarane fortener.
Eg forventar at næringa er medviten sitt ansvar, slik at ein ikkje skuslar bort det gode omdømet til norsk sjømat.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Stig Even Lillestøl →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.