Skriftlig spørsmål nr. 699 · 2025-2026
Kan eg be om ein tabell som viser billettpris for dei ulike riksvegferjesambanda, og det samla provenyet av billettinntekter frå kvart enkelt samband i 2025 og forventa proveny i 2026?
Ove Trellevik (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 4. desember 2025. Svaret kom 11. desember 2025.
- Fra
- Ove Trellevik (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 4. desember 2025
- Besvart
- 11. desember 2025
Spørsmål
Kan eg be om ein tabell som viser billettpris for dei ulike riksvegferjesambanda, og det samla provenyet av billettinntekter frå kvart enkelt samband i 2025 og forventa proveny i 2026?
Begrunnelse
Viser til budsjettspørsmål 964 frå Hs fraksjon 22.10.2025 som syner kostnaden for kvart enkelt anbod/strekning. Ber no om ein tabell så ein kan sjå kostnad for kvart enkelt samband, og billettinntekter i samanheng.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 11. desember 2025
AutoPASS for ferje er eit nasjonalt system for elektronisk betaling av ferjereiser. Ordninga byggjer på Autopass-regulativet, som fastset reglar for takstar, inndeling i køyretøygrupper og rabattar, slik at prising og betaling skjer på ein einskapleg måte. Autopass-regulativ for ferjetakstar blir nytta på 15 av 16 riksvegferjesamband. På desse sambanda er billettprisane foreslått auka med 3,6 pst. frå 1. januar 2026. Riksvegferjesambandet Moss–Horten blir drifta utan statlege tilskot og følgjer eit eige regulativ.
Regulativa er bygd opp av 9 takstgrupper basert på lengda til køyretøyet, og ein eigen takstgruppe for motorsyklar. I tabellen nedanfor blir gjeldande ferjetakst vist for takstgruppe AP1 (køyretøy inntil 6 meter). Tabellen viser fullprisar (takstar slik dei er i dag). I riksvegferjedrifta har nullutsleppskøyretøy i takstgruppe AP1 30 pst. rabatt. For sambanda som nyttar Autopass-regulativet for ferjetakstar, gir ordninga høve til elektronisk betaling og rabattar, der forskotsavtalar kan gi inntil 50 prosent takstreduksjon. For sambandet Moss–Horten er tilsvarande rabatt sat til 30 pst.
Samband Strekning Takstsone Fullpris
AP1 (0-6m)
Moss–Horten Moss–Horten Eige regulativ 291
Mortavika–Arsvågen Mortavika–Arsvågen 10 172*
Hjelmeland–Skipavik–Nesvik Hjelmeland–Nesvik 3 61
Hjelmeland–Skipavik–Nesvik Skipavik–Hjelmeland 5 0
Hjelmeland–Skipavik–Nesvik Skipavik–Nesvik 4 0
Halhjem–Sandvikvåg Halhjem–Sandvikvåg 22 170
Anda–Lote Anda–Lote 3 61
Lavik–Oppedal Lavik–Oppedal 6 78
Vangsnes–Hella–Dragsvik Balestrand–Dragsvik 3 61
Vangsnes–Hella–Dragsvik Balestrand–Hella 4 67
Vangsnes–Hella–Dragsvik Balestrand–Vangsnes 7 85
Vangsnes–Hella–Dragsvik Hella–Dragsvik 2 55
Vangsnes–Hella–Dragsvik Hella–Vangsnes 5 72
Vangsnes–Hella–Dragsvik Vangsnes–Dragsvik 6 78
Mannheller–Fodnes Mannheller–Fodnes 4 67
Festøya–Solavågen Festøya–Solavågen 5 72
Molde–Vestnes Molde–Vestnes 12 112
Volda–Folkestad Volda–Folkestad 4 67
Halsa–Kanestraum Halsa–Kanestraum 6 78
Bodø–Værøy–Røst–Moskenes Bodø–Moskenes 95 584
Bodø–Værøy–Røst–Moskenes Bodø–Røst 109 0
Bodø–Værøy–Røst–Moskenes Bodø–Værøy 87 0
Bodø–Værøy–Røst–Moskenes Moskenes–Røst 73 0
Bodø–Værøy–Røst–Moskenes Moskenes–Værøy 35 0
Bodø–Værøy–Røst–Moskenes Værøy–Røst 43 0
Bognes–Lødingen Bognes–Lødingen 24 180
Drag–Kjøpsvik Drag–Kjøpsvik 17 140
Bognes–Skarberget Bognes–Skarberget 10 100
* Taksten er inklusive 72 kr i bompengar
Inntekter frå samband med bruttokontraktar blir løyvde på kap. 4320, post 04 Billettinntekter frå riksvegferjedrifta. I forliket om statsbudsjettet for 2026 er det lagt opp til ei inntekt på 805 mill. kr. I tabellen nedanfor blir denne inntekta vist per samband/kontrakt. Statens vegvesen sin rapport for andre tertial viser ein prognose over post 04 på 755 mill. kr i 2025. Den forventa inntektsauken i 2026 for sambandet Bodø–Værøy–Røst–Moskenes kjem i hovudsak av at sambandet frå 1. oktober 2025 endra kontraktsform frå netto til bruttokontrakt, og at billettinntektene i den nye avtalen blir førte på post 04. Beløp i mill. kr.
Kontrakt/samband Kap. 4320, post 04 i 2025* Kap. 4320, post 04 i 2026 (beløp mill. 2026-kr)
Moss–Horten 0 0
Anda–Lote 26,1 25,8
Bodø–Værøy–Røst–Moskenes 2,5 43,3
Bognes–Lødingen 40,4 39,1
Drag–Kjøpsvik og Bognes–Skarberget 30,7 31,8
Halhjem–Sandvikvåg 172,3 177
Halsa–Kanestraum 44,4 42,9
Hjelmeland–Nesvik–Skipavik 15,8 16,3
Mannheller–Fodnes og Vangsnes–Hella–Dragsvik 66,7 67,7
Lavik–Oppedal 32,5 36,9
Molde–Vestnes 105,1 102,2
Mortavika–Arsvågen 166 167,7
Volda–Folkestad og Festøya–Solavågen 52,5 54,3
Sum 755 805
*pr andre tertial 2025
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ove Trellevik →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.