Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 614 · 2025-2026

Kan samferdselsministeren leggje fram ant. produserte rutekilometer for buss i landets fylkeskommuner i 2023, 2024, samanlikna med no i 2025?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 25. november 2025. Svaret kom 2. desember 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
25. november 2025
Besvart
2. desember 2025

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram ant. produserte rutekilometer for buss i landets fylkeskommuner i 2023, 2024, samanlikna med no i 2025?

Begrunnelse

Dagens regjering har vedteke krav om nullutslippsbussar frå og med 1/1-2025 i alle offentlige anbod.
Nye kinesiske bussar har inntatt landets fylker, og kostnadane med utskifting av ein fossil busspark har kosta fylkeskommunane svært dyrt, der fylka melder mangel på milliardbeløp ang. dette kravet.
Dei ulike fylkeskommunane har måttet kutte kraftig i busstilbodet og bussrutene, og som rammer innbyggarane kraftig pga. vanvittige urealistiske klima og miljøkrav.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 2. desember 2025

Statistikkbanken KOSTRA inneheld statistikk om talet på produserte rutekilometer buss i landets kommunar (SSB tabell 11910). Her finn ein tal for 2023 og 2024. Definisjonen på rutekilometer i KOSTRA er utkøyrt distanse i rute (utan å medrekna posisjonskøyring).
Kollektivtrafikkforeningen har ein marknadsoversikt som viser talet på rutekilometer i gjeldande busskontraktar. Dette er det beste anslaget departementet har på rutekilometer for 2025. Tala for 2023 og 2024 (SSB tabell 11910) er relativt samanliknbare med 2025 (rutekilometer i kontraktane), men det er viktig å påpeika at dei ikkje er fullstendig samanliknbare.
Tabellen nedanfor viser produserte rutekilometer for buss i landets fylkeskommunar i 2023, 2024 og 2025 basert på datakjeldene som er skildra ovanfor.
















Som tabellen viser, har det samla sett vore ein svak nedgang i produserte rutekilometer frå 2023 til 2025 – 0,6 prosent nedgang frå 2023 til 2024 og 1,8 prosent nedgang frå 2024 til 2025. Dette bilete stemmer overeins med signala som er kome frå fylkeskommunane og kollektivselskapa, som har meldt at dei vil måtte redusere rutetilbodet som respons på kostnadsauken innan kollektivtransport. Samtidig veit vi frå SSB at det i 2024 vart registrert 729 millionar passasjerar i kollektivtransporten i Noreg, ein auke på 2 prosent frå 2023. Det har aldri vore registrert fleire passasjerar i kollektivtransporten enn i 2024. Av desse reiste 61 prosent av passasjerane med buss.

Regjeringa er godt kjend med auka kostnader på fylkeskommunal kollektivtransport og tek uroa frå fylkeskommunane om dette på alvor. Vi har difor auka bevilgningane til fylkeskommunane dei siste åra. Mellom anna har regjeringa i 2026 lagt opp til ein realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på 4,2 milliarder kroner der 1 milliard kroner vert fordelt til fylkeskommunene. Vi har og beslutta å skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag på dette området. Samferdselsdepartementet har sendt eit felles oppdrag til Jernbanedirektoratet og Statens vegvesen om å gjennomføre ei kartlegging og analyse av utviklinga i tilbod og kostnader i fylkeskommunal kollektivtransport. Analysen skal gje eit fagleg grunnlag som kan nyttast i Samferdselsdepartementets vidare vurderingar av verkemiddel og rammevilkår for fylkeskommunal kollektivtransport.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.