Skriftlig spørsmål nr. 517 · 2025-2026
Kan samferdselsministeren leggje fram ei nasjonal oversikt over alt av biletteringssystem, for buss, tog, bane, ferjer, trikk osv., antall, og kven dei ulike selskapa er, kva apper/betalingsløysing …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 19. november 2025. Svaret kom 25. november 2025.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 19. november 2025
- Besvart
- 25. november 2025
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram ei nasjonal oversikt over alt av biletteringssystem, for buss, tog, bane, ferjer, trikk osv., antall, og kven dei ulike selskapa er, kva apper/betalingsløysing som finnes og kva som eventuelt er samkøyrt og kva som ikkje er samkøyrt, og korleis dette blir for ein turist som til dømes reiser frå Sørlandet og skal til Finnmark?
Begrunnelse
I ein del land er det enkle og fornuftige system for kjøp av billetter for alt av kollektivtilbud, buss, tog , bane osv der ein kjøper ein billett og reiser med det ein vil, der ein vil i heile landet. mange gode dømer på dette slik som i Tyskland, Frankrike og Sveits.
Her til lands er det eit virvar av kollektivselskap i dei ulike fylka og ellers, med egne selskap og egne apper, der det openbart hadde vore mulig med ei kraftig samordning og betydelig enklere billetteringssystem.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 25. november 2025
Innanfor den fylkeskommunale kollektivtransporten er det slik at dei ulike selskapa i hovudsak har sine eigne salskanalar for billettkjøp. Det same gjeld andre mobilitetstilbydarar i byområde, som til dømes elsparkesykkel- og bysykkeltenester. For reiser over lengre strekningar tilbyr togselskapa og ekspressbusselselskapa òg billettar gjennom eigne salskanalar.
Likevel har vi i Noreg kome langt i å samle heile det samla kollektivtilbodet i éin salskanal gjennom det statlege selskapet Entur AS. I Entur-appen (Entur – Kollektivappen for heile Noreg) og på nettsida deira www.entur.org, er det etablert ein nasjonal reiseplanleggjar og eit billetteringssystem. For togselskapa i Noreg er det obligatorisk å delta i fellessystemet for billettering, medan det for kollektivselskapa og andre aktørar er frivillig.
Alle kollektivselskap i Noreg må likevel sende inn stoppestads- og ruteinformasjon til Entur. Dette gjer at ein i den nasjonale reiseplanleggaren kan finne reiser i heile Noreg med tog, buss, båt, bilferje, T-bane og trikk. Ein kan deretter kjøpe billett frå store delar av tilbodet. I tillegg til alle togbillettar inkluderte Entur-appen i 2024 enkeltbillettar frå alle fylkeskommunale kollektivselskap, samt visse andre billettypar (til dømes periodebillettar) til nokre av selskapa. Entur har òg lagt til rette for sal av billettar for Flybussen på fleire strekningar. Ved utgangen av 2024 kunne Entur-appen tilby billettar til 97 prosent av kollektivreisene i landet, og reiseplanleggaren hadde i løpet av 2024 over 46 millionar reisesøk. I 2025 har òg Entur innført sal av gjennomgåande jernbanereiser på strekninga Oslo–København. For transporttilbod der ein ikkje kan kjøpe billett i Entur-appen, blir ein gjerne vist vidare til nettsidene til operatøren som tilbyr reisa. Éin fylkeskommunal kollektivaktør, Innlandstrafikk, har i 2024 slutta å selje billettar i Innlandstrafikk-appen, og sel no alle sine billettar gjennom Entur-appen.
Entur si nasjonale digitale infrastruktur for kollektivreiser gjer det mogleg med sømlause reiser på tvers av det statlege og fylkeskommunale kollektivtilbodet, og er mellom anna viktig for å kunne etablere takstsamarbeid i byområda, slik at dei reisande kan kjøpe billett hos éin aktør (til dømes togselskap eller det lokale kollektivselskapet), men bruke han på både tog og kollektivtransport, uavhengig av utstedar. Avlesing av billett, avrekning og fordeling av billettinntekter mellom tenesteytarane skjer då i Entur sine digitale baksystem utan at den reisande treng å forhalde seg til dette.
Turistar som skal bruke Entur-appen kan velje engelsk som språkinnstilling, og vil som nemnt ovanfor finne ei landsdekkande oversikt over kollektivtilbodet i Noreg og kan òg kjøpe billettane som er tilgjengelege i appen eller bli vist vidare frå appen til aktuell transporttilbydar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.