Skriftlig spørsmål nr. 516 · 2025-2026
Kan statsråden på ein "forklarleg og folkeleg forståeleg måte" forklare regelverket for bruk av varebil i næring på inn til 3,5 tonn med hengar, opp mot krav om køyre og kviletid med krav om fartsskrivar?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 19. november 2025. Svaret kom 25. november 2025.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 19. november 2025
- Besvart
- 25. november 2025
Spørsmål
Kan statsråden på ein "forklarleg og folkeleg forståeleg måte" forklare regelverket for bruk av varebil i næring på inn til 3,5 tonn med hengar, opp mot krav om køyre og kviletid med krav om fartsskrivar?
Begrunnelse
Det har kome ein del spørsmål ikring lovverket ang køyre og kviletid ang varebiler i næring på 3,5 tonn med hengar.
Private kan køyre fritt med varebil inn til 3,5 tonn med hengar som er tillatt i vognkortet, heilt utan restriksjoner ang køyre og kviletidsbestemmelser, utan fartsskrivar.
I Statens vegvesen sine sider er det litt "kryptisk" kven og korleis ein kommer inn under køyre og kviletid med varebil som er registret i næring og køyring av egne materiale eller verktøy til og frå egne oppdrag.
Til dømes blir det stilt spørsmål om at dersom ein i næring, bygger til dømes oppdrettsanlegg eller sjømatbedrifter/ produksjonsanlegg, har varebil på lovleg vekt inn til 3,5 tonn og har med hengar som frakter til dømes verktøy, rør eller anna materiale som skal brukes i egen produksjon av anlegg, kommer ein då inn under køyre og kviletidsbestemmelsane eller ei.
Det samme ang. håndtverkarar som har oppdrag der ein har med nødvendig utstyr og egne materiale som skal brukes i egne oppdrag, eller til dømes handelsbedrifter som bruker 3,5 tonns varebil til å frakte egne salgsvarer med dertil hengar på veg til messer aller andre salgssteder.
Det kommer slett ikkje klart fram i Statens vegvesen sine sider korleis lovverket er, kven som er omfatta og korleis ein kan finne ut av dette i kvart enkelt tilfelle.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 25. november 2025
Køyre- og kviletidsregelverket følger av EUs køyre- og kviletidsforordning og fartsskriverforordning som er del av EØS-avtala og er gjennomført i Norge i forskrift om køyre- og kviletid og fartsskrivar for vegtransport i EØS. Det er eit omfattande og komplisert regelverk. Det er difor viktig at styresmaktene gir så god informasjon som mogeleg til dei som må fylgje reglane. I lys av at det i bakgrunnen for spørsmålet er stilt spørsmål om informasjonen på vegvesenets nettsider er klåre nok, vil eg be Statens vegvesen sjå om informasjonen på nettsidene kan bli betre.
Transport med ein kombinasjon av køyretøy og tilhengar med samla tillaten totalvekt inntil 3 500 kg, er i dag ikkje omfatta av køyre- og kviletidsreglane.
Køyre- og kviletidsreglane gjelder i dag for godstransport med køyretøykombinasjonar med tillaten totalvekt over 3 500 kg. Rein privat køyring og anna ikkje-kommersiell køyring med køyretøy og køyretøykombinasjonar med tillaten totalvekt heilt opp til 7 500 kg er ikkje omfatta. Dette fylgjer av forordninga artikkel 3 bokstav h), jf. artikkel 4 bokstav r).
Køyrer ein varebil med eige materiell eller verktøy til og frå eigne oppdrag, kan transporten falle inn under unntaket i artikkel 3 bokstav aa), som regulerer; køyretøy eller kombinasjonar av køyretøy med ei største tillatne masse som ikkje overstig 7,5 tonn, som blir brukte til:
i) å transportere materialar, utstyr eller maskiner som føraren brukar under sitt arbeid,
ii) å levere gods som er handverksmessig framstilt.
For å vere omfatta av det fyrste unntaket må godset altså brukast av føraren sjølv, typisk ein røyrleggjar eller snikkar som fraktar verktøy og materialar for å kunne utføre arbeid hos ein kunde.
Det andre unntaket gjelder der ein fraktar gods som er handverksmessig framstilt, og ein skal frakte eigne varer for eksempel til messer eller salgsstader. Dette er typisk transport av varer som sjåføren sjølv eller bedrifta han er tilsett i, har tilverka i ein type småskalaproduksjon.
Unntaka i artikkel 3 aa) gjelder berre innanfor ein radius på 100 km frå staden der føretaket er heimehøyrande, og føreset at køyringa av slike køyretøy ikkje er føraren si hovudaktivitet. Videre er det eit vilkår at transporten ikkje blir utført for ein annan si rekning.
Eg vil og nemne at frå 1. juli 2026 vil transport med køyretøy mellom 2 500 kg og 3 500 kg i internasjonal transport (all køyring over landegrenser) bli omfatta av disse reglane. Men dei nemnde unntaka vil og gjelde slike transportar.
Eg kan og informere om at Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet arbeider for å innføre ei vektgrense på 2 500 kg også for nasjonal godstransport, men dette er førebels ikkje sendt på høyring. Detaljane i desse reglane er altså ikkje avklart endå, men dei nemnde unntaka vil og gjelde slike transportar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.