Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 428 · 2025-2026

Kan statsråden gjere greie for korleis den vidare saksbehandlinga av Stad skipstunnelen vil bli i Stortinget, kva sakstype regjeringa legger opp til at dette prosjektet skal få i sin vidare behandling, og når det er forventa at denne saka kjem til behandling i Stortinget?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 11. november 2025. Det ble besvart av fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss. Svaret kom 18. november 2025.

Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Besvart av
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
11. november 2025
Besvart
18. november 2025

Spørsmål

Kan statsråden gjere greie for korleis den vidare saksbehandlinga av Stad skipstunnelen vil bli i Stortinget, kva sakstype regjeringa legger opp til at dette prosjektet skal få i sin vidare behandling, og når det er forventa at denne saka kjem til behandling i Stortinget?

Begrunnelse

Stad skipstunnelen som prosjekt ville regjeringa skrote i sitt statsbudsjett, derimot har eit fleirtal i stortinget bedt regjeringa arbeide vidare med prosjektet og gå igjennom prosjektet med tanke på kostnadsreduserende tiltak og komme attende til stortinget med prosjektet.

Svar

Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 18. november 2025

I Prop. 1 S (2025-2026) er det vist til at Kystverket vurderer at kostnadsramma for Stad skipstunnel må oppjusterast til 9 430 mill. kroner dersom prosjektet skal vidareførast innanfor realistiske budsjettrammer. Regjeringa vurderer på denne bakgrunn at det ikkje lenger er realistisk å gjennomføre prosjektet innanfor den vedtatte kostnadsramma på 5 430 mill. kroner, og kan heller ikkje sjå at nytten av prosjektet kan forsvare dei høge kostnadane. I budsjettproposisjonen er det difor foreslått å avslutte arbeida med Stad skipstunnel.
Regjeringa er like fullt opptatt av at Vestlandet skal ha god transportinfrastruktur, og stans av Stad skipstunnel vil kunne gi økt handlingsrom til å igangsette andre prosjekt som i langt større grad vil bidra til tryggleik og framkome.
For å følgje opp vedtaket om Stad skipstunnel frå trontaledebatten har eg bedt Kystverket om å gjenoppta og ferdigstille forhandlingane med tilbydarane, samt arbeide vidare for å finne kostnadsreduserande tiltak.
Eg tar sikte på at resultata av forhandlingane og arbeidet med å finne ytterlegare kostnadsreduserande tiltak kan leggjast fram for Stortinget så snart som mogleg, men tidlegast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.