Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 290 · 2025-2026

Kan samferdselsministeren leggje fram kva reelle utbyggingsmidlar Nye Veier AS har årleg, trekt ifrå kostnadar til drift og vedlikehold, pr. år frå og med 2021 og fram til budsjett 2026?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 30. oktober 2025. Svaret kom 6. november 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
30. oktober 2025
Besvart
6. november 2025

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram kva reelle utbyggingsmidlar Nye Veier AS har årleg, trekt ifrå kostnadar til drift og vedlikehold, pr. år frå og med 2021 og fram til budsjett 2026?

Begrunnelse

Eksportvegen E-136 Ålesund til Bjorli er Møre og Romsdal sin viktigaste eksportveg, og har i over 30 år blitt prioritert på topp her i fylket.
Pr. i dag er strekninga Vestnes til Bjorli lagt til Nye Veier as, som har fått ansvaret for denne strekninga.
Strekninga frå Ålesund til Vestnes er ikkje prioritert og ligg til statens vegvesen sitt ansvar.
Nye Veier AS har no også fått ansvaret for vedlikehold og drifta av sine eigne veprosjekt.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 6. november 2025

Nye Veier er eit statleg eid aksjeselskap som får tilført likviditet gjennom overføringar av statlege midlar over statsbudsjettet, samt tilgjengelege bompengemidlar frå dei strekningane selskapet til ein kvar tid har i utbygging.
I perioden 2021 til 2025 har selskapet gjennomført utbyggingsaktivitet for til saman 40,9 mrd. kr fordelt pr. år som følger (inkludert kostnadar til grunnerverv, og mva.):
2021: 8,0 mrd.
2022: 8,2 mrd.
2023: 10,0 mrd.
2024: 9,9 mrd.
2025: 4,9 mrd.
Eg gjer merksam på at tala for 2025 er pr. fyrste halvår. Selskapet har ikkje offentleggjort tal for årets to siste kvartal. Budsjett for 2026 er ikkje formelt godkjend i selskapet sitt styre, og kan derfor ikkje inkluderast i oversikta.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.