Skriftlig spørsmål nr. 289 · 2025-2026
Eg prøver igjen, kva er dagens berekning for kostnaden for bygginga av Voldatunnelen, etter oppdaterte kostnadar?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 29. oktober 2025. Svaret kom 4. november 2025.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 29. oktober 2025
- Besvart
- 4. november 2025
Spørsmål
Eg prøver igjen, kva er dagens berekning for kostnaden for bygginga av Voldatunnelen, etter oppdaterte kostnadar?
Begrunnelse
I prosjekt etter prosjekt blir det frå regjeringa lagt fram at det er store kostnadsaukar, og dette vart også brukt av regjeringa som argument for å skrote Stad skipstunnelen.
Eg stilte eit spørsmål om kva oppdaterte kostnadane no hadde blitt på prosjektet Voldatunnelen i Møre og Romsdal, dette svarar ikkje statsråden på, berre med tidligare anslag.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 4. november 2025
Eg viser til svar på spørsmål nr. 97 av 17. oktober 2025. I samband med grunnlaget til Nasjonal transportplan 2025–2036 blei det utarbeidd kostnadsanslag for E39 Volda–Furene hausten 2022. Anslaget viser ein kostnad (P50) på 2,2 mrd. 2024-kr og eit anslått bompengebidrag på 700 mill. 2024-kr. Det er ikkje gjennomført eit oppdatert kostnadsoverslag for prosjektet etter overslaga som ligg til grunn i Nasjonal transportplan 2025–2036.
I mai 2025 sende Statens vegvesen oppdaterte utrekningar av bompengepotensialet i prosjektet til Volda kommune. Utrekningane er gjorde på eit overordna nivå og er gjengjevne i svaret mitt på spørsmål nr. 97. Statens vegvesen vurderer i brevet at eit bompengebidrag på om lag 700 mill. 2024-kroner, med tilhøyrande takstnivå, vil vere rimeleg for prosjektet. Det er likevel lokalpolitiske styresmakter som til slutt skal vurdere kva som er eit akseptabelt bompengenivå i prosjektet, sett opp mot andre nytte- og kostnadsverknader av prosjektet og lokalpolitiske vurderingar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.