Skriftlig spørsmål nr. 97 · 2025-2026
Kan samferdselsministeren leggje fram nye anslag på byggekostnadar for Voldatunellen, og samtidig leggje fram kva dette eventuelt medfører i berekna overføring av desse kostnadane til innbyggjarane og næringslivet frå AP regjeringa, gjennom auka berekna bompengar?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 13. oktober 2025. Svaret kom 17. oktober 2025.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 13. oktober 2025
- Besvart
- 17. oktober 2025
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram nye anslag på byggekostnadar for Voldatunellen, og samtidig leggje fram kva dette eventuelt medfører i berekna overføring av desse kostnadane til innbyggjarane og næringslivet frå AP regjeringa, gjennom auka berekna bompengar?
Begrunnelse
Voldatunellen i Møre og Romsdal er som kjent skrota ut av den reelle NTP en frå dagens AP regjering, og skubba ut av planen sin fyrste 6 årsperiode, og ut av Statens vegvesen sin handlingsplan.
Det viser seg no at alle vegprosjekt i Norge har fått ei n formidabel kostnadsvekst med bakgrunn i AP regjeringa sin politikk, krav om vekting av miljø og klima i alle anbodskonkurransar og no også krav om nullutslipps anleggsmaskiner, som i rapport frå MEF (maskinentreprenørenes forbund) viser til vert omlag 89 % dyrare anleggsdrift enn for konvensjonell drift.
Statsministeren har også brukt som argument for å kunne skrote prosjekt innan samferdsel som AP ikkje ynskjer å bygge, høg prisvekst, ein prisvekst Støre og co har hovudansvaret for.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 17. oktober 2025
I samband med grunnlaget til Nasjonal transportplan 2025–2036 blei det utarbeidd kostnadsanslag for E39 Volda–Furene hausten 2022. Anslaget viser ein kostnad (P50) på 2,2 mrd. 2024-kr og eit anslått bompengebidrag på 700 mill. 2024-kr.
Eg minner om at det er lokalpolitiske myndigheiter som til slutt skal vurdere kva som er eit akseptabelt bompengenivå i prosjektet, sett opp mot andre nytte- og kostnadsverknader av prosjektet og lokalpolitiske vurderingar.
Tabellen under viser oppdaterte bompengeberekning frå 2025 gitt eit bompengebidrag på 700 mill. kr. Utrekningane er gjorde på eit overordna nivå. Det må takast atterhald om at resultata kan endre seg seinare i prosessen som følgje av meir detaljerte og grundige analysar og vurderingar.
Gjennomsnittstakst 22 kr
Grunntakstar (skilta takstar):
- Takstgruppe 1 32 kr
- Takstgruppe 2 64 kr
ÅDT i bomstasjonane i 2030 8 900 kjt/døgn
Bompengebidraget 700 mill. kr
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.