Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 22 · 2025-2026

Kan samferdselsministeren leggje fram ein grundig prosjektstatus og bekreftelse for RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger som ivaretar Stortinget sitt klare vedtak og bestilling, der samferdselsministeren bekreftar at prosjektet skal settast igang bygging i fyrste 6 års perioden av NTP?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 2. oktober 2025. Svaret kom 22. oktober 2025.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
2. oktober 2025
Besvart
22. oktober 2025

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram ein grundig prosjektstatus og bekreftelse for RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger som ivaretar Stortinget sitt klare vedtak og bestilling, der samferdselsministeren bekreftar at prosjektet skal settast igang bygging i fyrste 6 års perioden av NTP?

Begrunnelse

Ved behandlinga av Nasjonal Transportplan, vart ein del prosjekt spesifikk vedteke av eit fleirtal i Stortinget med eigne romertalls vedtak, slik som til dømes RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger som skulle flyttast fram til oppstart bygging i fyrste 6 års perioden.
Dette prosjektet ligg no inne på Statens vegvesen sin handlingsplan og er sett igang planlegging og prosjektering.
Derimot har det kome urovekkandes meldingar frå prosjektleiinga som meire eller mindre framstår som eit "utsettingsoppdrag" der det ikkje akkurat lyser stor vilje for å kunne sørge for styringsfart i planlegging, prosjektering og bygging av dette svært viktige eksportvegprosjektet.
Dessverre er erfaringa frå denne prosjektleiinga i Statens vegvesen som har fått ansvaret for RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, ikkje akkurat positiv.
Med eit så klart vedtak for dette prosjektet frå Stortinget, vert det forventa at prosjektet SKAL ha sin oppstart i den fyrste 6 års perioden av planen, og all trenering av dette vedtaket vil ikkje bli akseptert.
Prosjektet er slett ikkje komplisert, med kurante fjelltunellar som verken er vanskelig å planlegge, prosjektere eller å sette i gang bygginga av.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 22. oktober 2025

Eg viser til Prop. 1 S (2024-2025) der det går fram at i Nasjonal Transportplan 2025-2036 var det sju prosjekt som var aktuelle å starte i første seksårsperiode. Stortinget har gjennom sin handsaming av meldinga bedt om at ytterlegare to prosjekt skulle starte i første seksårsperiode. I Prop. 1 S (2024-2025) går det vidare fram at rv. 15 Strynefjellet (inkl. arm til Geiranger) har ein særskild prioritet. Det inneber at dersom desse prosjekta ikkje vert endra ved optimalisering eller anna ny informasjon, skal dei bli bygd først.
Statens vegvesen har følgt opp planporteføljen i tråd med føringane i Prop. 1 S og førebur oppstart av arbeidet med planar for rv. 15 Strynefjell, med tilhøyrande massedeponi. Det er gjort nye kostnadsanslag som viser at det ligg an til ei mogleg kostnadsauke. Orsaka er prisauke for tunnel og veg i dagen, og at det er lagt inn ei større usikkerheitsavsetting. I tråd med rammeverket for porteføljestyring, skal Statens vegvesen da sjå på moglege optimaliseringar av prosjektet. Viss dette ikkje gir tilstrekkeleg kutt i kostnadane inneber det at ein må skalere ned andre prosjekt i porteføljen.
Statens vegvesen har som mål at planlegging etter plan- og bygningslova skal vere ferdig i 2028, og at oppstart for bygging kan vere mogleg frå 2029, i første periode av Nasjonal Transportplan som føresett. Optimalisering vil gå parallelt med den ordinære planlegginga. Framdrifta betyr vidare planlegging hausten 2025.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.