Skriftlig spørsmål nr. 3214 · 2024-2025
Syns statsråden det er god klimapolitikk at avfall kjøres til Sverige og forbrennes der?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til klima- og miljøministeren, Andreas Bjelland Eriksen, 28. september 2025. Det ble besvart av finansministeren Jens Stoltenberg. Svaret kom 3. oktober 2025.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Klima- og miljøministeren · Andreas Bjelland Eriksen
- Besvart av
- Finansministeren · Jens Stoltenberg
- Datert
- 28. september 2025
- Besvart
- 3. oktober 2025
Spørsmål
Syns statsråden det er god klimapolitikk at avfall kjøres til Sverige og forbrennes der?
Begrunnelse
500 000 tonn avfall har blitt kjørt frå Norge til Sverige i 2024. Dette i hovudsak fordi stortingsfleirtalet har innført CO₂-avgift på forbrenning i Norge - ein avgift Sverige ikkje har. Denne norske avgiften bidrar til auka transport og utslepp frå det. Fjernvarme forpliktelsene må skapes av andre kjelder om avfall uteblir. Det er lite av dette som synes å vera bra for klimaet eller verdiskapinga i Norge.
Svar
Finansministeren Jens Stoltenberg, 3. oktober 2025
Prising av utslepp av klimagassar og forureinar betalar-prinsippet er grunnplankar i norsk klimapolitikk. Utslepp frå avfallsforbrenning utgjer over 3 pst. av norske ikkje-kvotepliktege utslepp. Avgifta på avfallsforbrenning er viktig for å gje produsentane insentiv til å kutte utslepp, til dømes gjennom investering i reinseteknologi eller ved auka utsortering, ombruk eller materialgjenvinning. I dag er 85 pst. av norske utslepp prisa gjennom anten klimaavgifter eller EUs kvotesystem.
CO₂-avgifta for ikkje-kvotepliktege avfallsanlegg vart innført i 2022 og auka betydeleg i 2024. Mengda restavfall som eksporterast til Sverige for forbrenning og energiutnytting har ikkje auka i den same perioden. Det er difor ikkje grunnlag for å hevde at eksporten av avfall til Sverige i hovudsak kjem av avgifta på avfallsforbrenning.
Ei viktig årsak til avfallseksporten til Sverige er at vi ikkje har kapasitet til å forbrenne alt avfallet i Noreg. Det er heller ikkje eit mål i seg sjølv å auke avfallsforbrenningskapasiteten her, ettersom vi arbeider for å redusere avfallsmengda og auke materialgjenvinninga.
Konkurranseforhold i marknaden påverkar også kva plass det er mest lønnsamt å sluttbehandle avfallet. Svenske forbrenningsanlegg er omfatta av EUs kvotemarknad, som inneber at også dei må betale for utsleppa sine. Kvoteprisen dei står overfor varierer, men har hittil i år vore på om lag 840 kroner i gjennomsnitt. Regjeringa har lytta til næringa, og i revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart satsen for ikkje-kvotepliktege verksemder redusert frå 908 til 830 kroner per tonn CO₂, som var kvoteprisen på tidspunktet da avgiftssatsa ble endra. Justeringa av avgiftssatsen sikrar likare konkurransevilkår mellom norske og svenske forbrenningsanlegg. Innan 2026 skal EU-kommisjonen vurdere kvoteplikt på utslepp frå forbrenning av avfall. Det vil i så fall gi heilt like konkurransevilkår mellom norske og svenske anlegg, og regjeringa følgjer difor denne prosessen tett.
Det er fleire forhold som påverkar dei totale klima- og miljøeffektane ved avfallshandtering. Mange anlegg i Sverige utnyttar energien i avfallet betre enn norske anlegg. Vidare avheng klima- og miljøeffektane blant anna av om svenske anlegg ligg nærmare kjelda til avfall enn norske, kva for lastebilar som nyttast og om ledig returkapasitet vert utnytta til transporten.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.