Skriftlig spørsmål nr. 3090 · 2024-2025
Vil regjeringa gi nytt oppdrag til Kystverket om å arbeide vidare for heving av U- 848 utanfor Fedje, i lys av rapport frå Forsvarsmateriell om reell risiko for at torpedoar vil detonere og at …
Kjersti Toppe (Sp) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 4. september 2025. Svaret kom 11. september 2025.
- Fra
- Kjersti Toppe (Sp)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
- Datert
- 4. september 2025
- Besvart
- 11. september 2025
Spørsmål
Vil regjeringa gi nytt oppdrag til Kystverket om å arbeide vidare for heving av U- 848 utanfor Fedje, i lys av rapport frå Forsvarsmateriell om reell risiko for at torpedoar vil detonere og at tildekking av vraket vil vere ei uforsvarleg løysing, og at vraket og lasta må hevast for å hindre spreiing av kvikksølv?
Begrunnelse
Viser til spørsmål, dokument 15.3079 ( 2024-2025), sendt 3.9.2025, og ber om at svar blir sett i samanheng med det. Bergensavisen kan i dag fortelje om at Forsvarsmateriell har fått i oppdrag å vurdera såkalla ammunisjonstryggleik i ubåtvraket, på oppdrag får Forsvarsdepartementet og Kystverket. Dei vurderer at torpedoane i ubåten på eit eller anna tidspunkt vil detonera, og at ei tildekking ikkje vil hindra spreiing av store mengder kvikksølv. Ekspertane vurderer difor at tildekking av ubåtvraket, er det mest risikable alternativet, og at dette vil vere uforsvarleg særleg så lenge torpedoane ikkje er fjerna. Prosessen med å dekka til kan og uløysa ei detonering av torpedoane. Dei tilrår difor heving av både vraket og lasta. Det er då nødvendig at regjeringa gir eit nytt og endra mandat til Kystverket, og å ikkje bare ha som mål å heve lasta, men også vraket.
Svar
Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 11. september 2025
Eg viser til svar på spørsmål nr. 3079, der det mellom anna kjem fram at Kystverket har fått i oppdrag å gjennomføre undersøkingar for å kartlegge vraket av U-864 og områda rundt, med sikte på å redusere uvisse knytt til eventuell heving av delar av kvikksølvlasta. I arbeidet med desse undersøkingane har Kystverket henta inn bistand frå relevante kompetansemiljø, også Forsvarsmateriell (FMA). Råda frå FMA vil inngå i den vurderinga Kystverket skal gjere når dei skal legge fram anbefalinga si om den vidare handteringa om ubåtvraket og kvikksølvforureininga. Når denne vurderinga ligg føre, vil regjeringa kome tilbake til den vidare prosessen.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kjersti Toppe →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.