Skriftlig spørsmål nr. 3088 · 2024-2025
Kva er status på vedlikehald av tog for å få tilbake full kapasitet på jernbanen i Oslo-område, blir det jobba døgnet rundt for å sikre full framdrift og korleis har statsråden jobba for å sikre tryggleiken til dei reisande slik at ikkje passasjerar svimar av på toga?
Trond Helleland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 4. september 2025. Svaret kom 10. september 2025.
- Fra
- Trond Helleland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 4. september 2025
- Besvart
- 10. september 2025
Spørsmål
Kva er status på vedlikehald av tog for å få tilbake full kapasitet på jernbanen i Oslo-område, blir det jobba døgnet rundt for å sikre full framdrift og korleis har statsråden jobba for å sikre tryggleiken til dei reisande slik at ikkje passasjerar svimar av på toga?
Begrunnelse
På to veker har fire personar besvimt på stappfulle tog i Oslo-området.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 10. september 2025
Fyrst vil eg understreke at det skal vere trygt å reise med tog i Noreg. Kvart einaste ledd i reisekjeda må ivareta sin del av ansvaret for at dei reisande skal oppleve eit sikkert og komfortabelt togtilbod. Når det gjeld tryggleik og komfort om bord i tog, er det operatøren sitt ansvar.
Tilgang på tog er ei utfordring for norsk jernbane. Den langsiktige løysinga er nye tog, som etter opphaveleg leveranseplan skulle vore satt i trafikk frå i sommar. Samstundes aukar mengda feil på dei eldre lokaltoga, fleire av dei nyare regiontoga blir bygd om til nytt signalsystem ERTMS og arbeida i Drammen har gjort logistikk inn og ut av parkering og verkstad utfordrande. Vy gjennomfører ekstraordinært vedlikehald, men det er fleire faktorar som slår inn og skapar situasjonen vi står i no. Eg opplever at aktørane i jernbanen gjer mange gode grep for å handsame situasjonen, til dømes flytting av tog til Austlandet der driftssituasjonen på avsendarstaden tilseier at flytting er forsvarleg. Og frå midten av august sette vi inn endå fleire ekstra bussavgangar mellom Drammen og Oslo S fram til opninga av Drammen stasjon.
Eg viser elles til mitt svar datert 4. september til likelydande spørsmål frå representant Bergstø.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Trond Helleland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.