Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3079 · 2024-2025

Vil regjeringa fortsett følgje opp ekspertutvalets tilråding om U-864 om å hente opp så mykje som mogleg av kvikksølvet før tildekking, eller har regjeringa lagt inn nyte føringar om at ein …

Kjersti Toppe (Sp) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 3. september 2025. Svaret kom 10. september 2025.

Til
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
3. september 2025
Besvart
10. september 2025

Spørsmål

Vil regjeringa fortsett følgje opp ekspertutvalets tilråding om U-864 om å hente opp så mykje som mogleg av kvikksølvet før tildekking, eller har regjeringa lagt inn nyte føringar om at ein hevingsoperasjon skal vere økonomisk forsvarleg, og kan statsråden i tilfelle gjere greie for kva regjeringa meiner er økonomisk forsvarleg nivå?

Begrunnelse

Støre-regjeringa som Sp var ein del av, gjekk inn for å følgje opp ekspertutvalets rapport om ubåten ved Fedje om heving av lasta før tildekking av vrak, og at dette skulle gjerast gjennom ei trinnvis tilnærming. Målet var å heve mest mogleg av kvikksølvet. No er eg usikker på om Støre-regjeringa utan Senterpartiet faktisk vil gjere dette, sidan Kystverket no har lagt til setningar om dei også skal vurdere om ei heving vil vere økonomisk forsvarleg før dei gir sin tilråding.
I 2025 blei det gjennomført eit omfattande undersøkingstokt av ubåtvraket, på oppdrag av Kystverket. Bakgrunnen for undersøkinga er at Stortinget har vedtatt at det skal gjerast ei ny vurdering og ei grundig kartlegging av vraket om områda rundt. På Kystverket sine nettsider kan vi lese at:

«(...) Formålet er å gi en faglig anbefaling. Bør man forsøke å hente å kvikksølvbeholdere før tildekking – eller gå rett til tildekking ? Miljørisiko skal tillegges avgjørende vekt, og en eventuell hevingsoperasjon må vøre økonomisk forsvarlig(...).»

Eg reagerer på at Kystverket har tatt inn i sitt arbeid at dei skal vurdere om ein hevingsoperasjon vil vere økonomisk forsvarleg Eg meiner at dette er eit overordna politisk spørsmål. Eg meiner også at Kystverket synes å tone ned oppdragets formål om å sjå korleis ein kan heve mest mogleg av lasta.

Svar

Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 10. september 2025

Regjeringa har vore tydeleg om at vi vil følgje opp ekspertutvalet si anbefaling for handtering av kvikksølvforureininga frå ubåtvraket U-864. Det inneber at vi vil leggje opp til ein trinnvis prosess for å handtere vraket og forureininga.
Regjeringa ga i august 2024 Kystverket i oppdrag å gjennomføre undersøkingar for å kartlegge vraket av U-864 og områda rundt, med sikte på å redusere uvisse knytt til eventuell heving av delar av kvikksølvlasten. I dette oppdraget gjekk det fram at ein eventuell hevingsoperasjon skulle vere økonomisk forsvarleg. Det er altså ikkje noko nytt at regjeringa meiner det er viktig at tiltaket skal vere økonomisk forsvarleg, slik vi er opptekne av at alle tiltak som skal gjennomførast, skal vere økonomisk forsvarlege.
I kva grad eit tiltak vil vere økonomisk forsvarleg kan eg ikkje kommentere før det føreligg konkrete kostnadsanslag for tiltaket som skal gjennomførast.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kjersti Toppe →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.