Skriftlig spørsmål nr. 3047 · 2024-2025
Bygging av Stad Skipstunnel er utlyst som ein anbodskonkurranse med påfølgande forhandlingar. Fristen for å levere inn anbod var i juni 2025. Kan statsråden garantere at dei påfølgande forhandlingane …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 29. august 2025. Svaret kom 5. september 2025.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
- Datert
- 29. august 2025
- Besvart
- 5. september 2025
Spørsmål
Bygging av Stad Skipstunnel er utlyst som ein anbodskonkurranse med påfølgande forhandlingar. Fristen for å levere inn anbod var i juni 2025.
Kan statsråden garantere at dei påfølgande forhandlingane for å få prisen ned vil vere ferdigstilt i tide til regjeringa si framlegging av statsbudsjettet for 2026?
Svar
Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 5. september 2025
Anbodsprosessen for Stad skipstunnel er lagt opp som ein konkurranse med forhandlingar. Ved frist 10. juni, vart det levert inn tre tilbod, og desse tilboda er no til vurdering.
Av konkurransemessige omsyn har ikkje Kystverket oppgitt detaljerte opplysningar om innkomne tilbod, men det har vorte kjent at innkomne tilbod ligg over kostnadsramma som Stortinget har vedteke.
Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om oppfølginga av prosjektet Stad skipstunnel i samband med framlegginga av forslag til statsbudsjett for 2026.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.